B-spor til antologien

bøker

Fleire gode bøker fekk dessverre ikkje plass i antologien til Tid for ti. Vi vil likevel anbefale desse bøkene som e- og papirbok til unge lesarar.

Dikt:

eg-er-eg-er-eg-er

 

Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven.
Samlaget 2016.

Gjennom 39 dikt skildrar Eg er eg er eg er korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung. Les meir her.

 

 

 

 

Teikneserie:

hundedagar2

 

Hundedagar av Anja Dahle.
Jippi forlag 2016

Hundedager er et fenomen som finner sted på sensommeren. Ifølge gammel folketro er dette en tid hvor det er spesielt varmt, alt grums fra vannet flyter opp, mat råtner, og hunder blir lettere gale. Det er på denne tiden vi møter Anne; en jente midt mellom barndom og ungdom. Sommerens intense klamhet og nærvær preger hennes relasjoner til venninner og familie. Les meir her.

 

 

 

 

Sakprosa:

heksebrenning

 

Heksejakt og heksebrenning i Europa av Aina Basso.
Samlaget 2016

Frå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle. Les meir her.

 

 

 

 

Historie:

arrfjes-pocket.indd

 

Arrfjes av Terje Torkildsen.
Samlaget 2013

I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort. Les meir her.

 

 

 

Sjukdom:

sa-vakker-du-er

 

 

Så vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn.
Cappelen Damm 2013
Det er sommar og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hjå Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva slags veg det ber, utan at mora seier det rett ut. Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti, ei jente i klassen, sjølv om han ikkje har det. Han torde ikkje da han hadde sjansen. Snart kjem Kjersti heim frå ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han. Les meir her.

 

 

Grøss:

Svartedalen_omslag

 

Svartedalen av Atle Hansen.
Samlaget 2015

Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå? Når mystiske ting byrjar hende, og du ikkje klarer å finne ei naturleg forklaring? Les meir her.

 

 

 

 

Fantasy:

drakeguten

 

Drakeguten av Asbjørn Rydland.
Samlaget 2011.

Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og kunne gjere som han sjølv vil. Han må velje kven han skal stole på: den krigarske læraren sin, den gode faren, det griske landsbyrådet eller den underlege stemma han høyrer i nordavinden. Kan ein velje å ta det gode sitt parti, etter å ha vore med på å lage vondskap? Les meir her.

 

 

 

 

Venskap:

bebe

 

Bebe av Bente Bratlund.
Mangshou 2011.

Av og til gjer det faen så godt å seie i frå. Ein må berre finne styrke til å gjera det. Les meir her.

 

 

 

 

 

Spenning:

rekrutten_bok

 

Rekrutten (den vanlige versjonen) av Robert Muchamore.
Omsett av Øystein Rosse.
Samlaget 2010

Hovudpersonen er 12-årige James Adams, som kjem på barneheim etter at mora døyr. James får raskt tvilsame venner, hamnar i slåsskampar og blir arrestert for tjuveri. Men då CHERUB oppdagar hans skjulte talent, byrjar eit nytt liv som spion. Les meir her.

 

 

 

Oppvekst:

tonje-glimmerdal

 

Tonje Glimmerdal av Maria Parr.
Samlaget 2009

onje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Les meir her.

 

 

 

 

Forelsking:

hjarteklapp

 

Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag.
Samlaget 2003

13 år gamle Ingvild Halvorsen trur ho kjem til å døy av hjartestans, akkurat som søstera hennar gjorde for lenge sidan. Ho kjem i alle fall til å døy om ho ikkje blir kjærast med Aksel… I mellomtida filmar Ingvild seg sjølv, så det skal finnast eit minne etter henne om ho døyr. Les meir her.

 

 

 

 

Humor:

12-ting-som-ma-gjerast-rett-for-verda-gar-under

 

12 ting som må gjerast rett før verda går under av Bjørn Sortland.
Aschehoug 2001.

Therese er tretten, og lager ei liste over kva for 12 ting ho vil gjera før verda går under. Og så skal lista følgjast punkt for punkt. Utan noko tull. Les meir her.

 

 

 

 

 

Har du nokon boktips til oss? Send ein epost til les@foreningenles.no.