Bokliste Tid for ti 2018

Boklista for neste Tid for ti-aksjon er no klar.

Følgande bøker er med i Tid for ti 2018. Her er og sjangar og sidetal for og ingress til utdraga.

Villheks – Eldprøva
Lene Kaaberbøl
Omsett av Øystein Rosse
Samlaget 2012
Fantasy
S. 33–39

Clara blir angripen av ein svart katt, og underlege ting startar å skje. Ingenting blir det same igjen. På veg heim frå skulen beveger ho og venen seg inn i ei tett tåke. Med eitt blir det klart for Clara at nokon jaktar på ho …

Snillionen
Arnfinn Kolerud
Cappelen Damm 2017
Humor
S. 55–63

Då mora til Frank vinn 24 millionar i lotto, lovar ho pengar til den personen i bygda som oppfører seg snillast eller gjer noko snilt mot andre. Men konkurransen byr på utfordringar, og kampen om snillionen får fram det beste og verste i innbyggarane. Kven skal få pengane, og kan Frank sjølv vinne? Saman med venene Denisa og Oskar må han leggje ein plan.

Apetryne
Atle Hansen
Samlaget 2017
Mobbing
S. 5–13

Arne er ofte aleine, men ein dag inviterer Simon og Ivar han med på telttur. Der treffer han Anna, og alt er fint. Heilt til Simon byrjar å herme etter han.

Stamceller
Av Øystein Runde
Gyldendal 2017
Fakta
S. 18–28

Keeperen og havet
Maria Parr
Samlaget 2017
Venskap
S. 26–37

Trille og Lena er bestevener, men venskapet blir sett på prøve når ei ny jente flyttar til bygda. Ho heiter Birgitte og kjem frå Nederland. Trille ber Birgitte bli med han og Lena og byggje og sjøsette ei flåte. Det går ikkje heilt etter planen.

Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet
Magnhild Bruheim
Samlaget 2014
Spenning
S. 7–17

Stian og Stine er stesøsken og like gamle. Ein kveld dei er åleine heime, oppdagar dei ein ukjend person i hagen. Same kveld blir ein gut påkøyrd av ein motorsykkel like ved huset deira. Kva er det eigentleg som skjer? Stian og Stine bestemmer seg for å ta saka i eigne hender.

Bestem deg, Tony T, bestem deg
Erna Osland
Ill. av Sigbjørn Lilleeng
Samlaget 2017
Grafisk roman
S. 26–37

Tony og kusina Silja er på sommarferie hos farfar, som har operert auga. Silja elskar å svømme og dykke, men Tony er nervøs for at det skal hende ho noko. Akkurat som sist gong dei var på besøk. Ein dag Tony og farfar er ute og ror, blir dei stoppa av politiet, som leitar etter ein sakna gut. Kva har skjedd? Og kva er det eigentleg som går føre seg på loftet hos farfar, der Tony og Silja tidlegare har funne eit kart?

Svikta
Bente Bratlund
Mangschou 2017
Drama
S. 5–14

Iris er skuffa over pappa. Han lova at han skulle kome for å sjå ho på framsyninga på skulen, men plutseleg ringer han for å fortelje at han ikkje kan kome likevel. Iris blir lei seg, for ho vil jo så gjerne at pappa skal sjå ho danse og syngje.

Hest, hest, tiger, tiger
Mette Eike Neerlin
Omsett av Brit Bildøen
Samlaget 2017
Humor
S. 13–22

Honey klarar det meste. Ho lagar mat, handlar og passar søstera si. Men ho lyg, og det gjer at ho ofte hamnar i rare situasjonar. Ein dag går ho på feil buss, noko som snur opp ned på kvardagen hennar.

Glimt
Tor Arve Røssland
Samlaget 2015
Grøss
S. 71–78

Jon flyttar til ei øy i havgapet. Her blir han kjend med Rebekka og dei andre i bandet hennar. Og Finn, som jobbar på ungdomshuset. Ein dag Jon er på ungdomshuset åleine, skjer mystiske ting. Er det nokon som driv gjøn med han? Jon plasserer eit videokamera i huset for å avsløre spøkefuglane. Viss noko rører seg, startar kameraet å filme. Ei heil natt har kameraet stått i huset, og Jon er spent på om noko er filma.

Spørsmål? Ta kontakt med ole@foreningenles.no.