Aktivitet: Hest, hest, tiger, tiger

framside_hest

1.

Sitt saman to og to. Byt på å fortelje ei historie om dykk sjølv. Er ho sann eller ikkje?

2.

Kven er mannen som Honey møter? Kva slags historie har han å fortelje? Skriv ei side som held fram frå der utdraget stoppar.

3.

«Mama huhu» eller «hest, hest, tiger, tiger» betyr at noko ikkje er heilt bra, men kunne vore verre. Har du nokon gong opplevd akkurat det? Kva skjedde? Kva var ikkje heilt bra og kva kunne vore verre? Snakk saman i klassa. Kan de finne andre uttrykk og kva dei betyr?