Enkeltoppgåver til Fly, Thea! Fly!

Bente Bratlund

A. FØR:

Sjå på bokomslag, tittel, sjanger-logo og snakk om forventningar til utdraget.

– Kva slags tankar får de når de ser på framsida?

– Kva ser de på biletet?

– Kjenner de igjen motiv eller måten det er framstilt på?

– Les ingressen og snakk om korleis de forstår tittelen.

– Kva trur de kjem til å skje?

– Setninga «Du vel din veg» står sentralt i utdraget. Korleis forstår de denne setninga? Er de einige? Kan ein alltid velje? Fortel.

 

B. UNDERVEGS:

Be elevane notere stikkord i teksten medan dei les:

– Korleis er Thea framstilt?

– Korleis reagerer ho når ho kjem til utstillinga og ser biletet?

– Er det noko som vekker kjenslene dykkar – er overraskande, trist, rørande, gledeleg osb.?

 

C. ETTER:

1. Samtale om innhald og språk

Klassesamtale.

For å få i gang litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane og engasjementet deira for litteratur, er det ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Begynn gjerne med spørsmål som: «Kva handla dette om?», «kva skjedde her?» eller ta utgangspunkt i stikkorda som elevane har skrive undervegs. Det er òg mogleg å ta opp tråden frå førlese-samtalen og fortsette å samtale om tittelen på kunstverket: «Du vel din veg».

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrt og teken på alvor.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Korleis reagerte de på utdraget? Gjorde det inntrykk?

– Kva slags relasjon trur de at Thea og Hilde har?

– Korleis reagerer Thea når ho kjem til utstillinga og ser biletet?

– Kvifor trur de at ho reagerer slik? Kvifor vert ho så prega av biletet?

– Har de nokon gong opplevd eit kunstverk (bilete, bok, musikk, film osb.) som har fått dykk til å reagere på same måte?

– Kva for ting er det som gjer sterkast inntrykk på dykk?

– Korleis forstår de tittelen på biletet, «Du vel din veg», etter å ha lese utdraget?

– Kvifor trur de at Thea reagerer så sterkt når ho ser kva biletet heiter?

– Vend gjerne tilbake og snakk om tittelen på boka, Fly, Thea! Fly! Kvifor trur de at boka har akkurat denne tittelen?

– Kva trur de kjem til å skje vidare i boken?

 

2. Diskusjon og avstemming i heil klasse

Klassesamtale.

Til slutt kan de diskutere utdraget i klassen og kome fram til ei felles vurdering:

– Liker klassen teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne. Det er dessutan av stor betyding at ramma er hyggeleg, og at elevane får framføre opplevinga si og akkurat dei meiningane og forklaringane som betyr noko for dei. Dersom det er mogleg, kan det vere ein god idé å kombinere avstemminga med ei avslutning på veka, til dømes med frukt, kake, quiz eller liknande.

 

3. Registrering av resultata

Vi ønskjer å høyre kva elevane synest om utdraga og håpar derfor at læraren vil føre inn resultatet på Klassesida på tidforti.no når avstemminga er over. Under kvart utdrag på klassesida finst ein «Stem på boka»-knapp der klassen kan stemme over tekstane. Er utdraga: Dårleg, Passe bra, Bra, Veldig bra eller Super? Samstundes kan klassen sende inn ei grunngjeving: Klikk på «Våre meiningar om utdraget», skriv ei kort forklaring og trykk på «Send inn». Tilbakemeldingane til klassen vert dermed høyrde utanfor klasserommet, og vurderinga til elevane vil påverke samansetjinga av neste års antologi.

 

4. Aktivitetar:

A. Teikn eit postkort med eit kunstverkmotiv. Skriv eit kort og send det til nokon.

B. Vel deg ein kunstnar og førestill deg at du møter han/ho. Kva ville de ha snakka om? Kva slags spørsmål ville du ha stilt?

C. Har du eit favorittkunstverk, eller sett eit bilete/maleri du synest er fint? Beskriv det for ein som aldri har sett det før.