Enkeltoppgåver til Kjære søster

Alf Kjetil Walgermo

Kjære søster handlar om å miste ein familiemedlem og tek opp følelsar som sorg og sakn.

Vi meiner dette er eit tema – blant andre alvorlege tema – som det er viktig at barn og ungdom får moglegheita til å møte i litteraturen og som ein kan å ta opp i samanheng med lesing av utdraget i ein klassesituasjon. Litteratur kan opne for å diskutere tema på ein måte vi elles ikkje får gjort. Når elevane snakkar med utgangspunkt i litteratur, kan dei snakke om vanskelege ting gjennom ein tredje person, noko som opnar diskusjonen.

Om dei vil diskutere utdraget i fellesskap, eller om elevane skal få velje å lese utdraget på eiga hand, avheng blant anna av klassemiljø, av kva slags erfaringsbakgrunn elevane har og av dei didaktiske vala dine som lærar.

 

A. FØR: 

Samtale om forventningar til utdraget frå Kjære søster.

Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogoen som høyrer til utdraget («sorg») og ingressen.

Snakk i klassa om kva for forventningar elevane har til teksten.

Samtala kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva for tankar får de av framsida og tittelen?

– Korleis vil de beskrive samanhengen mellom bilete og tekst?

– Kva trur de boka handlar om?

– Av ingressen kjem det fram at utdraget handlar om sorg og sosiale medium. Kjenner de til at etterlatne i stigande grad ytrar følelsane sine på til dømes Facebook når ein familiemedlem, ein venn eller ein kjenning vert borte?

– Kva for fordelar og ulemper ser de med denne måten å dele sorg og medkjensle på?

 

B. UNDERVEGS:

Leselogg.

Individuelt arbeid.

Be elevane notere tankar og spørsmål til teksten medan dei les, eventuelt med utgangspunkt i eitt eller fleire av følgjande punkt:

– Noko dei synest er godt skildra

– Noko dei synest er overraskande, verkar rart eller ulogisk

– Set utdraget i gang bestemte følelsar? Noko som til dømes gjer deg irritert, glad, trist, sint, tankefull?

 

C. ETTER:

1. Samtale om leseopplevinga.

Gruppesamtale

Del elevane inn i grupper og gå rundt mellom gruppene medan dei snakkar om eigne leseopplevingar, om teksten og om tema. Dei kan ta utgangspunkt i notata sine, spørsmåla under eller snakke meir opent om sorg og sosiale medium.

Følgjande spørsmål kan eventuelt inngå i samtalen:

– Kva synest de om at faren vil leggje ned Facebook-profilen til Amalie?

– Korleis synest de at Eli Anne handterer tapet av søstera?

– Eli Anne skriv: «Eg trudde det skulle bli lettare etter kvart. At dei gode minna skulle ta over for alt det fæle. Men det er motsett. Eg saknar deg berre meir og meir.» Kva tenkjer de om dette?

– Kvifor føler Eli Anne eit behov for å skrive på veggen til søstera si?

– Kva trur de skjer vidare i boka?

 

2. Oppsummering og diskusjon i heil klasse

Klassesamtale.

Snakk om kva gruppene har diskutert, dei ulike synspunkta og kva dei eventuelt har kome fram til.

Deretter kan klassa diskutere kva som var bra med utdraget og kva dei ikkje likte så godt. Og om dei synest at Kjære søster tar opp eit viktig tema – om det er ei viktig bok.

 

3. Aktivitetar:

A. Facebook har blitt ein del av kvardagen til svært mange, men synest du at Facebook er ein bra eller dum ting når nokon døyr? Skriv kva du synest. Ta med fordelar og ulemper. Diskuter i klassa.

B. Tenk deg at ein venn har mista nokon. Kva ville du ha gjort for å muntre han/ho opp? Skriv stikkord på tavla.

C. Gå saman to og to og lag ein plakat som viser kva sorg er gjennom illustrasjonar og stikkord.