Enkeltoppgåver til Motorsykkelmysteriet

Magnhild Bruheim

A. FØR: 

Klassesamtale

Les ingressen høgt for elevane og be dei sjå på framsida.

NB! Det er meininga at elevane berre skal lytte til utdraget – ikkje lese – og det kan derfor vere ein fordel å vise framsida på ein projektor.

 

B. UNDERVEGS:

Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila som høyrer til utdraget frå Motorsykkelmysteriet. Lydfila er – som lydfilene til alle dei andre utdraga – tilgjengeleg på tidforti.no. Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.

 

C. ETTER:

1. Skriv eit samandrag

Individuelt arbeid.

Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

 

2. Jamføre samandrag

Gruppesamtale.

Når tida er ute og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre å lytte?

 

3. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale

La først elevane dele erfaringane med å skrive samandrag i heil klasse. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som byggjer vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Hadde de tort å gå ut i hagen for å sjekke?

– Hadde de ringt politiet?

– Kven trur de den ukjende kan vere?

– Korleis synest de at Stian og Stine oppfører seg overfor kvarandre?

– Kvifor trur de at det første kapittelet startar med «Stian» og det andre med «Stine»?

– Kvifor trur de at motorsyklisten stoppa framfor huset deira?

– Kva trur de skjer vidare?

 

4. Avstemming i heil klasse

Klassesamtale

Utdraget vert diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

Liker elevane teksten? Kvifor/kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på Klassesida.

 

5. Aktivitetar – munnleg og skriftleg forteljing

A. Lag ei munnleg forteljing om kven den ukjende personen i hagen var. Jobb i grupper to og to (gut og jente). Framfør forteljinga for heile klassa.

B. Har du nokon gong høyrt rare lydar ute medan du har vore åleine heime? Fortel historia til ein annan elev.

C. Har du løyst eit mysterium før? Skriv ned historia om kva som skjedde.