Enkeltoppgåver til Rekrutten

Robert Muchamore

A. FØR:

Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Rekrutten er første del av spenningsserien Cherub der 12-årige James Adams begynner på ein hemmeleg skule for å utdanne seg til agent i den statlege organisasjonen Cherub. Men utdraget i Tid for ti er frå den grafiske romanen som blei laga med utgangspunkt i første bok i den populære serien. Førlesesamtalen kan til dømes innehalde følgjande spørsmål:

– Er det nokon av dykk som har lese ei eller fleire bøker i Cherub-serien?

– Kva slags spenningsbøker kjenner de?

– Kva veit de om grafiske romanar? Har de lese ein slik roman tidlegare?

– Kvifor trur de at Rekrutten både har komme som roman og som grafisk roman?

– Bla kjapt gjennom utdraget. Kor finn handlinga stad? Kven er med? Kva slags inntrykk får de av teksten?

– Tenk dykk at de skulle begynne på ein agent-skule. Kva hadde vore vanskeleg og kva hadde vore bra?

– Kva slags fordelar trur de at 12-årige agentar kan ha samanlikna med vaksne?

 

B. UNDERVEGS:

Be elevane markere i teksten eller notere medan dei les.

– Sett kryss ved bilete du liker/ikkje liker

– Skriv ned dei kjenslene som du kjenner igjen i utdraget (i bileta og i teksten)

 

C. ETTER:

1. Personleg meining

Individuelt arbeid.

Be elevane ta stilling til utdraget:

Likte du utdraget? Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at du liker/misliker teksten?

 

 2. Finn argumenter

Arbeid i par.

Be para snakke saman om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

Deretter skal dei lage to lister: éi liste over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og éi liste over ting som dreg ned (argument mot).

På lista over argument for kan det til dømes stå:

«Då eg las, la eg merke til … at det var veldig lite tekst på nokre av sidene. Eg syntest det fungerte bra fordi dei klarte å få fram kjenslene likevel.

På lista over argument mot kan det til dømes stå:

«Eg blei skuffa over … slutten fordi eg trudde det skulle skje noko spennande.

 

Be elevane skrive så mange fordelar og ulemper som dei klarer.

Det kan òg vere ein gode idé å la elevane diskutere kva for argument dei synest er gode og forklare kvifor.

Deretter skal elevane bruke desse argumenta. Først skal dei argumentere for, og så skal dei argumentere mot. Dette gjer dei etter tur: Den eine argumenterer, medan den andre berre lyttar. Deretter byter dei rolle.

 

3. Byte standpunkt

Grupper à 4 elevar.

No skal para frå oppgåva over, gå saman to og to. I kvar av desse nye gruppene skal to og to elevar debattere mot kvarandre. Den eine gruppa skal argumentere for, den andre gruppa skal argumentere mot. Etter om lag fem minuttar byter gruppene på kven som skal argumentere for og mot.

Når debatten er ferdig i gruppene, kan han førast vidare i heil klasse. Bruk då gjerne «streken» som ein måte å få fram og gjere synleg ulike meiningar på.

 

4. «Streken»

Ein metode for vurdering og debatt i klasserommet.

Marker ein strek i klasserommet med teip, bøker, ved å peike på ein imaginær strek i golvet eller liknande.

Streken skal vere ein einig/ueinig-akse, og elevane skal plassere seg ein stad på denne aksen i løpet av diskusjonen. Ein person (det kan vere læraren eller ein eller fleire elevar) set fram ulike påstandar, til dømes frå lista over. Elevane plasserer seg på den eine eller andre sidan av streken – eller midt på. Deretter vert det opna for grunngjevingar og diskusjon og elevane får høve til å flytte på seg kvar gong dei endrar meining.

Første gong ein brukar «streken» kan det vere ein god idé å begynne med nokre enkle påstandar. Då vert elevane kjende med aktiviteten før dei større diskusjonane. Her er nokre døme:

– Eg bada i sommar

– Eg liker at sola skin

– Eg gleder meg til vinteren

– Eg liker sushi

Dette er spørsmål der det vil vere noko ueinigheit – men det er lite sannsynleg at mange vil flytte på seg i løpet av diskusjonen. Den kan derfor gjerne vere kort. Når elevane har prøvd og forstått korleis «streken» går føre seg, kan de gå til utsegna frå oppgåve 3.

Sei den første påstanden eller vel ein av dei som eignar seg best for diskusjon. Spør elevane om dei er einige eller ueinige i påstanden og la dei plassere seg ved streken ein stad dei meiner passar. Når de er ferdige med første påstand, blir ein ny påstand sett fram.
Dersom mange av elevene plasserer seg på same side, kan læraren trekke inn elevane i diskusjonen på følgjande måte: læraren ser at det er færre på den eine av sidene av streken og gir derfor ordet til eit par av dei elevane som er på den sida der det er færrast elevar. Elevane skal prøve å forklare kvifor dei er einige/ueinige.

«Streken» kan avsluttast ved å diskutere utdraget i klassen og deretter å forsøke å komme fram til ei felles vurdering der elevane plasserer seg i høve til kva dei meiner om følgjande spørsmål:

 

– Utdraget frå Rekrutten er ein god tekst. Einig eller ueinig?

 

5. Registrering av resultatet

Vi ønskjer å høyre kva elevane synest om utdraga og håpar derfor at læraren vil føre inn resultatet på Klassesida på tidforti.no når avstemminga er over. Samstundes kan klassen sende inn ei grunngjeving: Klikk på «Våre meiningar om utdraget», skriv ei kort forklaring og trykk på «Send inn». Tilbakemeldingane til klassen vert dermed høyrde utanfor klasserommet, og vurderinga til elevane vil påverke samansetjinga av neste års antologi.

 

6. Aktivitetar:

A. Lag din eigen grafiske roman basert på eitt av utdraga i antologien, ei oppdikta hending eller ei hending frå livet ditt.

B. Sjå for deg at du akkurat har vore gjennom grunnopplæringa. Kva er det første oppdraget du blir sendt på?

C. Veit du om nokon andre spionbøker for ungdom? Skriv ei bokmelding av ei bok eller presenter boka for klassen.