Enkeltoppgåver til Skammarens dotter

Lene Kaaberbøl

A. FØR 

Skammarens dotter er første bok i den spennande Skammarserien.

– Er det nokon som har lese den? Kva kan de seie om boka/serien (utan å avsløre for mykje)?

– Boka vart filmatisert i 2015. Er det nokon som har sett filmen?

– Kva slags inntrykk får de når de ser på framsida?

– Sjangaren er fantasy. Synest de at det går fram av framsida? Fortel!

– Får de lyst til å lese teksten?

– Dina har den særlege eigenskapen at ho med blikket kan få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Sjå for dykk at de kunne velje ein særleg eigenskap. Kva for ein eigenskap hadde de valt og kvifor?

 

B. UNDERVEGS

Be elevane notere stikkord til teksten på sida «Mine tankar og notat» etter utdraget.

Det kan til dømes vere stikkord til:

– Ord som dei lurar på

– Skildringa av Dina og Nico. Sett inn likskapar og forskjellar i eit Venn-diagram

 

C. ETTER:

1. Personleg meining

Individuelt arbeid.

Be elevane ta stilling til utdraget:

– Likte du utdraget?

– Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at du liker/misliker teksten?

 

2. Finn argument

Grupper à 4 elevar.

Be elevane i gruppene snakke saman om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

Deretter skal dei lage to lister: éi over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og éi over ting som dreg ned (argument mot).

På lista over argument for kan det til dømes stå:

«Eg likte godt då … draken beit Dina i armen fordi eg levde meg inn i korleis ho blei lamma då ho såg draken.»

På lista over argument mot kan det til dømes stå:

«Eg synest at … det er litt dumt at Dina stivnar når ho ser draken, fordi ho heller burde komme seg unna.

Be elevane skrive fem fordelar og fem ulempar – eller så mange dei klarar.

Det kan òg vere ein gode idé å la elevane vurdere argumenta deira og sette dei opp i prioritert rekkefølgje. Deretter kan dei førebu seg på å grunngje kvifor dei har valt akkurat denne rekkefølgja i heil klasse.

 

3. Argument i heil klasse

Klassesamtale

Be først elevane ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle har ein umiddelbar forståing av innhaldet i teksten.

La deretter kvar gruppe bruke si liste frå oppgåva over og gje nokre døme på kva dei synest var bra og kva dei synest ikkje var så bra med utdraget frå Skammarens dotter. Hugs å be dei grunngje synspunkta. Skriv argumenta på tavla eller projektor, til dømes i to kolonnar. Når de er ferdige kan de snakke om kva for argument de liker best og kvifor. De kan òg gå til litterær samtale og vurdering av teksten.

For å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda og engasjement for litteratur hjå elevane, er det ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til eleven. Begynn gjerne med spørsmål som: «Kva handla dette utdraget om?» eller «kva skjedde her?» og la samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teken på alvor.

 

4. «Streken»

Ein metode for vurdering og debatt i klasserommet.

Marker ein strek i klasserommet med teip, bøker, ved å peike på ein imaginær strek i golvet eller liknande.

Streken skal vere ein einig/ueinig-akse, og elevane skal plassere seg ein stad på denne aksen i løpet av diskusjonen. Ein person (det kan vere læraren eller ein eller fleire elevar) set fram ulike påstandar, til dømes frå lista over. Elevane plasserer seg på den eine eller andre sidan av streken – eller midt på. Deretter vert det opna for grunngjevingar og diskusjon og elevane får høve til å flytte på seg kvar gong dei endrar meining.

 

Første gong ein brukar «streken» kan det vere ein god idé å begynne med nokre enkle påstandar. Då vert elevane kjende med aktiviteten før dei større diskusjonane. Her er nokre døme:

– Eg bada i sommar

– Eg liker at sola skin

– Eg gleder meg til vinteren

– Eg liker sushi

 

Dette er spørsmål der det vil vere noko ueinigheit – men det er lite sannsynleg at mange vil flytte på seg i løpet av diskusjonen. Den kan derfor gjerne vere kort. Når elevane har prøvd og forstått korleis «streken» går føre seg, kan de gå til utsegna frå oppgåve 3.

Sei den første påstanden eller vel ein av dei som eignar seg best for diskusjon. Spør elevane om dei er einige eller ueinige i påstanden og la dei plassere seg ved streken ein stad dei meiner passar. Når de er ferdige med første påstand, blir ein ny påstand sett fram.
Dersom mange av elevene plasserer seg på same side, kan læraren trekke inn elevane i diskusjonen på følgjande måte: læraren ser at det er færre på den eine av sidene av streken og gir derfor ordet til eit par av dei elevane som er på den sida der det er færrast elevar. Elevane skal prøve å forklare kvifor dei er einige/ueinige.

«Streken» kan avsluttast ved å diskutere utdraget i klassen og deretter å forsøke å komme fram til ei felles vurdering der elevane plasserer seg i høve til kva dei meiner om følgjande spørsmål:

– Utdraget frå Skammarens dotter er ein god tekst. Einig eller ueinig?

 

5. Registrering av resultatet

Vi ønskjer å høyre kva elevane synest om utdraga og håpar derfor at læraren vil føre inn resultatet på Klassesida på tidforti.no når avstemminga er over. Samstundes kan klassen sende inn ei grunngjeving: Klikk på «Våre meiningar om utdraget», skriv ei kort forklaring og trykk på «Send inn». Tilbakemeldingane til klassen vert dermed høyrde utanfor klasserommet, og vurderinga til elevane vil påverke samansetjinga av neste års antologi.

 

6. Aktivitetar:

A. Her finn du ei teikning av ein drake. Last ned og skriv ut. Gje draken eit namn og fargelegg han slik du vil.

B. Sjå for deg at du er ute i skogen, og plutseleg så møter du ein drake. Skriv ned kva som skjer og korleis du reagerer. Presenter svaret ditt for dei andre i klassen eller fortel historia di til ein annan elev.

C. Lag eit rollespel basert på utdraget i teksten. Gå saman, lag kostyme og framfør rollespelet for dei andre i klassen. Eller kanskje for foreldra?