Enkeltoppgåver til Svarte-Mathilda

Tor Arve Røssland

A. FØR:

1. Kva får dykk til å grøsse?

a) Gruppearbeid.

Sjangerlogoen til utdraget frå Svarte-Mathilda viser grøss.

Del inn elevane i grupper og la dei diskutere:

1. Kva forventar de når de høyrer ordet grøss?

2. Kva får dykk til å grøsse? (Har de døme på skumle bøker, filmar, ting, personar, stader, lydar, tankar eller skremmande ting de har opplevd osv.) Og kvifor?

3. Finst det forskjellige slags grøss? Forklar.

4. Oppsamling i heil klasse

b) Klassesamtale

Be gruppene fortelje kva dei har kome fram til.

Del inn dei forskjellige slaga av grøss i grupper ut frå svara til elevane. Her er eit forslag til ei tredeling – henta frå ein artikkel av Ann Sylvi Larsen i Norsklæraren:

1) den eventyrlege skrekkforteljinga

2) forteljingar om det ukjende – den psykologiske skrekken

3) psykopatforteljingar

 

Prøv til slutt å avgjere kva slags grøss Svarte-Mathilda kan vere ut frå framsida og ingressen.

 

B. UNDERVEGS:

Be elevane dele inn i avsnitt og markere:

– Avsnitt som er spennande eller skumle

– Setningar og formuleringar dei liker/ikkje liker

 

C. ETTER:

1. Skriv eit samandrag

Individuelt arbeid.

Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

 

2. Jamføre samandrag

Gruppesamtale.

Be elevane gå i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Dei kan til dømes snakke om følgjande:

– Er samandraga like eller er det forskjellar? Fortel.

– Prøv å forklare dei forskjellane som finst i samandraga.

– Kva har de ikkje teke med?

– Er de einige om kva for avsnitt som er mest spennande?

– Er de einige om kva for avsnitt som er minst spennande?

– Kva for setningar/formuleringar har de valt å framheve?

Dei kan òg snakke om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

 

3. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Hadde de tort å flytte inn i eit hus som har stått tomt i 20 år?

– Korleis hadde de reagert om de hadde vore Elisabeth?

– Synest de at utdraget er skummelt? Kvifor/kvifor ikkje?

– Kva er det eventuelt ved utdraget som gjer at de grøssar?

– Kva synest de om Elisabeth?

– Det blir nemnt at Elisabeth har vore utsett for ei traumatisk oppleving. Kva slags oppleving trur de at det kan vere snakk om?

– Korleis vil de forklare det som skjer? Trur de at Elisabeth innbiller seg det som skjer, eller trur de at det faktisk hender i fortellinga?

– Kva trur de at mora til Elisabeth tenker om det som skjer?

– Kva trur de skjer vidare?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss de trur Svarte-Mathilda er. Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til de forventingane de hadde før lesinga. Trur de at fleire av desse forventingane vert møtte seinare i boka?

 

4. Avstemming i heil klasse

Klassesamtale

Utdraget vert diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

– Synest de at utdraget er et godt eksempel på grøssar-sjangeren?

– Liker de teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngitte.

Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på Klassesida.

 

5. Aktivitetar:

A. Teikn ditt eige spegelbilete eller sit to og to saman og teikn spegelbileta til kvarandre.

B. Gå saman to og to. Lag ein plakat med ein presentasjon av ei grøssarforteljing. Lag illustrasjonar og fortel kvifor forteljinga er bra/dårleg. Presenter plakaten for klassa.

C. Lag ein teikneserie som viser ei grøssarforteljing. Dersom du ikkje finn på ein grøssar sjølv, kan du ta utgangspunkt i utdraget om Elisabeth.