Opplegg til Apetryne

av Atle Hansen

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret


FØR:

– Kva trur dokker ei bok som heiter Apetryne, kan handle om?

Vis elevane omslaget til boka, og snakk saman om dei detaljane dokker ser.
– Kva er det framsida viser?

Les gjerne ingressen høgt saman med elevane.

 

UNDERVEGS:

Be elevane notere eit par stikkord om høvesvis Arne, Simon og Anna under lesinga.

 

ETTER:

1. Diskusjon
Klassesamtale.

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Korleis er Arne, og korleis trur dokker han har det i kvardagen?
– Kvifor vel Arne å herme etter apekattane?
– Korleis endrar situasjonen seg når jentene kjem?
– Kvifor trur dokker Simon endrar veremåte og seier stygge ting til Arne?
– Er dokker einige i at det er mobbing? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva inntrykk får dokker av Anna?

Ivar har filma med mobilen, og lovar å ikkje sende opptaket vidare til nokon.
– Korleis trur dokker det går?
– Korleis trur dokker at dokker hadde reagert om nokon delte eit mobilopptak dokker ikkje sjølv var fornøgd med?

– Kvifor trur dokker boka heiter Apetryne?
– Er det noko i utdraget som gjer særleg inntrykk på dokker?

2. Vurdering av utdraget.
Klassesamtale

Til slutt kan de vurdere utdraget i klassen og sjå om de er einige.
– Liker dokker det utdraget dokker har lese? Kvifor/kvifor ikkje?

Snakk saman i klassen, noter ned nokre meiningar.
Gå deretter inn på tidforti.no og send inn kommentarane ved å klikke på boksen «Våre meiningar om utdraget» som de finn under utdraget frå Apetryne.