Opplegg til Den norske slavehandelen

av Anders Totland

FØR:

Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva legg dokker merke til på framsida av boka?
– Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
– Kva slags inntrykk får dokker av personane på framsida?
– Kva og kven trur dokker utdraget dreier seg om?
– Kva tenker dokker når dokker høyrer tittelen Den norske slavehandelen?
– Kva trur dokker at ei bok med denne tittelen handlar om?
– Kor trur dokker handlinga går føre seg? Og om lag når?

Sjangeren er sakprosa.

– Kva veit dokker om denne sjangeren?
– Kva slags sakprosa-bøker har dokker lese?
– Kva slags forventingar har dokker til ei bok i denne sjangeren?

UNDERVEGS:

Set strek i margen når du les …

– noko som overraskar deg
– noko som gjer inntrykk på deg
– noko du lurar på

ETTER:

1. Vurdering

Grupper på 4-5 elevar.

La elevane ta stilling til utdraget:

– Likar dokker utdraget?
– Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at dokker likar/ikkje likar teksten?

La elevane snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

Be dei lage to lister: ei liste over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og ei liste over ting som dei meiner dreg ned kvaliteten på utdraget (argument mot).

Oppmod elevane til å skrive så mange fordelar og ulemper som dei greier.

2. Debatt i grupper à 4-5 elevar

Gruppesamtale.

Del gruppene frå førre oppgåve i to. Den eine halvparten tar lista med argument for og den andre med argument mot. Elevane med argument for vert sette saman med ein annan gruppe med argument mot. Fyrstnemnde skal argumentere for at teksten er god, sistnemnde skal argumentere mot. Køyr debatt!

3. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale.

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.
Kanskje eit av desse spørsmåla kan danne utgangspunkt for samtalen?

– Visste dokker om at nordmenn og Noreg var involvert i slavehandel?
– Kvifor trur dokker at dette er lite omtalt i dei norske historiebøkene?

I forordet står det ein del om kor opplysningane er henta frå og korleis boka er skriven.

– Kvifor trur dokker at dette er teke med?
– I kva grad meiner dokker at dette er viktig for å forstå teksten?
– I kva grad trur dokker på det som står i utdraget?

– Kvifor trur dokker at nordmannen Hesselberg skreiv ned så detaljerte opplysningar om korleis dei ulike avlivingsmetodane verka?
– Kva synest dokker om at dei tre slavane (Samuel Hector, Mikkel og Jacob) blei straffa sjølv om dei aldri vedgjekk å ha planlagt noko opprør?
– Kvifor trur dokker at styresmaktene var så omhyggelege med å straffe dei slavane som var mistenkte for opprørsplanar eller lovbrot?
– Kva for ei historie gjer størst inntrykk på dokker?

– Kven er det som fortel teksten?
– Kva har det å seie for forteljinga at Den norske slavehandelen er ei sakprosabok?
– Kvifor trur dokker at Anders Totland har skrive ei bok om dette temaet?
– Trur dokker at dette kan skje igjen, eller meiner dokker at vi lærer av historia?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags sakprosabok dokker meiner Den norske slavehandelen er. Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til dei forventningane dokker hadde før lesinga. Trur dokker at fleire av desse forventningane blir møtte seinare i boka?

4. Vurdering og avstemming

Heilt til slutt kan dokker diskutere utdraget i klassa med tanke på å koma fram til ei felles vurdering:

– Likar dokker utdraget frå Den norske slavehandelen?
– Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei. Legg gjerne att klassens meining i boksen «Våre meiningar om utdraget» under utdraget.

Les òg kva ungdom meiner om boka på uprisen.no. Les elevane heile boka, kan dei og skrive ei bokmelding på Uprisen.no

NB! Det er viktig at elevane har lese heile boka før dei skriv bokmelding på uprisen.no. Det held ikkje berre å ha lese utdraget.