Opplegg til Hest, hest, tiger, tiger

av Mette Eike Neerlin

FØR:

Snakk om humor som sjanger og verkemiddel.

– Kva meiner de er humor?
– Har de lese andre humorbøker, sett humoristiske filmar etc.?
– Kvifor var desse bøkene/filmane morosame?
– Kva slags forventningar har de til ei humorbok?
– Kan de dele inn humor i ulike typar, ulike kategoriar? Fortel.
– Kvifor trur de forfattarar/regissørar tek i bruk humor? Er det til dømes som del av karakter- eller miljøskildringa, for å få fram ein bodskap, for å underhalde? Andre ting?
– Kva tenkjer de når de ser framsida til Hest, hest, tiger, tiger?
– Kva tenkjer de når de ser tittelen?
– Kva slags samanheng finn de mellom framsida og ingressen?
– Kva slags inntrykk får de av Honey når de les ingressen?
– Kvifor trur de at ho lyg?

 

UNDERVEGS:

Sitatlogg.

Be elevane velje ein eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dei. Det kan til dømes vere fordi setningane:

– er morosame.
– er vanskelege å forstå.
– beskriv noko rart.
– er godt skrivne.

Etter at de har lese utdraget, kan de òg lytte til lydfila som finst på nettstaden, tidforti.no.

– Blir teksten meir morosam når de lyttar til han enn når de les sjølv? Kvifor/kvifor ikkje?
– Er det nokon som vil lese teksten høgt?
– Korleis opplever de det?

ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Snakk om ting de lurte på mens de las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

2. Leseopplevinga mi
Individuelt arbeid.

La elevane formulere korleis dei opplevde teksten, gjerne med hjelp av dei faste uttrykka under. Døme: «Eg synest at … slutten på utdraget var god fordi det fekk meg til å lure på kva som skjer vidare og gav meg lyst til å lese meir.»

a. Då eg las, la eg merke til …
b. Eg synest at …
c. Eg likte godt då …
d. Eg blei irritert over …
e. Det gjorde inntrykk på meg at …
f. Viss eg var …
g. Eg blei skuffa over …
h. Eg blei overraska over …
i. Slutten var …

3. Del leseopplevinga
Gruppesamtale.

Elevane deler leseopplevinga si i grupper på fire-fem elevar. Dei kan òg snakke saman i gruppa om kva dei synest var bra og dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

4. Samtale om innhald og språk
Klassesamtale.

Etter at elevane har jobba individuelt med å formulere leseopplevinga si, kan dei snakke om utdraget i heil klasse.

For å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga deira. Begynn derfor gjerne med spørsmål som «kva handla dette om?» eller «kva skjedde her?», og la samtalen utvikle seg gjennom å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane. Då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Korleis opplever de Honey?
– Kva slags forhold har ho til søstera og mora si? Kva med faren?
– Kvifor trur de faren ser ut gjennom persiennene når det ringer på døra?
– Kva er det Honey lyg om?
– Kvifor trur de ho lyg? Jamfør gjerne med svaret frå før-lesinga
– Er det alltid gale å lyge?
– Har elevane sjølv ei historie om då dei ein gong laug?
– Kva synest de om måten teksten er skriven på?
– Kan de finne nokon døme frå teksten som er morosame, som kunne vore annleis?
– Kvifor er døma morosame?
– Korleis ville de formulert det?
– Kva synest de om slutten på utdraget?
– Kva hadde de sagt til «morfar» Marcel om det var de som hadde hamna i den situasjonen?
– Kva trur de skjer vidare?

5. Fleip eller fakta?
Gruppe- eller klasseoppgåve

6. Kahoot
Lag ein Kahoot med fleip- eller faktaspørsmål.
Sjå rettleiing her: https://www.youtube.com/watch?v=ES-OwthM5PY

7. Would I Lie to You?

Denne oppgåva kan elevane gjere i grupper eller samla i klassen. Alle elevane lagar to påstandar om seg sjølv, som dei skriv namnet sitt på. Den eine skal vere sann, den andre skal vere løgn. Til dømes (sann): «Då eg var yngre sykla eg over ei mus som døde. Deretter tok eg ho med heim og la ho i senga til mor mi». Og (løgn): «Då eg var liten hadde eg ein kosebamse som heitte Bjørn».

Påstanden til den eleven som blir trekt ut, blir så lesen høgt av eleven sjølv til den andre gruppa eller heile klassen. Dei andre elevane skal så spørje ut denne personen om denne påstanden i løpet av cirka to minutt, og så avgjere om han er sann eller løgn. Personen som blir spurd, må prøve å få dei andre til å velje feil.

På BBC går eit program som heiter «Would I Lie to You?» som kan fungere som eit døme. Sjå ein episode under: