Opplegg til Jojo

av Ida Eva Neverdahl

 

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

I dette opplegget vert teikneserien Jojo brukt som utgangspunkt for å lære meir om teikneseriar og samansette tekstar gjennom tre fasar: aksebrot og perspektiv; lydhermingsord; lesarinformasjon.

1. Aksebrot og perspektiv

a. Lysbiletepresentasjon

Denne presentasjonen gir elevane ei enkel innføring i aksebrot, biletutsnitt, ulike perspektiv og andre nyttige emne. Dersom elevane sjølve skal lage ein teikneserie, kan det vere nyttig å vite at ein kan variere utsnittet med ulike perspektiv. Kunnskap om dette kan også gje dei reiskapar til å analysere bileta i ein teikneserie og kva serieskaparen ønskjer å få fram.

Her er presentasjonen (PDF)

Du kan også laste ned presentasjonen som eit teikneseriehefte i pdf:

https://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/rundetips.html

b. Oppgåve

I denne oppgåva får elevane jobbe med tre sider frå utdraget om Jojo i Tid for ti. Det er oppgåver om perspektiv, biletutsnitt, aksebrot og lyssetjing.

Oppgåvene ligg i dette dokumentet (PDF)

Skriv ut arket og del det ut til elevane. Elevane jobbar med arket og svarer på oppgåvene.

2. Lydhermingsord

I teikneseriar finn ein ofte lydhermingsord som gir lyd til dei ulike situasjonane. Til dømes «kræsj!» «bang!», «glitre» og «poff!».

– La elevane bla seg gjennom utdraget frå Jojo, og be dei skrive ned alle lydhermingsorda.
– La elevane leite etter lydhermingsord som er skrivne med ein annan skrifttype. La dei diskutere kva dette gjer med opplevinga av lyden
– På kva måte får lesaren ekstra informasjon gjennom lydhermingsorda?
– Be elevane velje eit lydhermingsord som illustrerer lyden godt.

3. Lesaren veit meir

I ein teikneserie får ofte lesaren vite meir enn personane i serien veit. Dette kan vi kalle lesarinformasjon.

– Be elevane finne ut på kva for nokre bilete i serien side 47–49 det er slik at vi som lesarar får vite meir enn Jojo veit.
– La elevane diskutere kva dette gjer med spenninga i teksten.

Meir om nynorske teikneseriar:

Nynorsksenteret har laga fleire ressursar som kan vere nyttige dersom elevane skal lære å lage sin eigen teikneserie:

https://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/lag_seriar.html

Her kan du lese bakgrunnsstoff om teikneserien som medium og teikneserien som samansett tekst. Her er også tips til opplegg og undervisningsressursar.:

https://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/opplegg.html