Opplegg til Keeperen og havet

av Maria Parr

FØR:
Klassesamtale.

Sjå på framsida.

– Kva ser de?
– Kva slags inntrykk får de av dei tre personane på bildet?
– Kva tenkjer de når de les tittelen?
– Kva trur de boka handlar om?

Les ingressen.
– Kven trur de er kven på bildet?
– Kvifor trur du venskapet til Trille og Lena blir satt på prøve når dei møter Birgitte?
– Kva slags forventningar får de til boka?
Utdraget frå Keeperen og havet er ikkje vanskeleg å lese, men for elevar med bokmål som hovudmål kan det likevel vere lurt å ta opp nokre ord før lesinga. Det går til dømes an å lage ei liste med ord som du trur kan bli vanskelege for (nokre av) elevane dine.
Her er nokre døme på ord som det kan vere lurt å ta opp: kviskra, sjølvbygd, kvar, hjelpelaust, stova, vantru, blautkake, augebryna, medan, overfløyming, framand, geleida, målarskrinet, lèt, laurdag, vaks, munn og mæle, duva, sandbotnen.

 

UNDERVEGS

Sitatlogg

Be elevane velje ei eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dei. Det kan for eksempel vere fordi setningane:

– er godt skrivne
– er vanskelege å forstå
– er morosame
– seier noko meir enn det som står på linjene


ETTER

1. Snakk om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Be elevane først ta opp ting dei lurte på under lesinga, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

2. Leseopplevinga mi
Individuelt arbeid.

La elevane uttrykkje korleis dei opplevde teksten, ved hjelp av dei faste uttrykka under. Be dei velje ut nokre av uttrykka og å fortsette på setningane. Det kan også vere ein idé å oppmode dei til å lage både positive og negative setningar for slik å gi ei nyansert framstilling av leseopplevinga si. Det er dessutan viktig at elevane prøver å gi ei forklaring ved å bruke ordet fordi.

Til dømes: Då eg las, la eg merke til … at Lena var sinna fordi det sto at ho «stivna» ved sida av Trille då Trille foreslo at Birgitte kunne vere med på å bygge flåte med Trille og Lena.

a) Då eg las, la eg merke til …
b) Eg synest at …
c) Eg likte godt då …
d) Eg blei irritert over …
e) Det gjorde inntrykk på meg at …
f) Eg blei skuffa over …
g) Eg ble overraska over …

Fordi …

 

3. Del leseopplevinga
Samtale i grupper på 2–4 elevar.

Be elevane fortelje kvarandre om leseopplevinga si ved å bruke setningane frå oppgåva over.

4. Diskusjon
Klassesamtale.

Ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane for å få til litterære samtalar som utviklar leseglede og engasjement for litteratur.

La elevane få seie kva dei tenkjer om teksten, gjerne ved å bruke setningane frå oppgåva over. La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då vil dei sjå at leseopplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor.
Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva trur de Lena synest om Birgitte? Grunngi svaret.
– Kvifor trur de ho reagerer slik?
– Kvifor trur de at Trille inviterer Birgitte med på flåtebygginga?
– Kva trur de Lena synest om det?
– Kvifor byggjer dei ein flåte?
– Korleis gjer dei det?
– Korleis vil de beskrive Lena, Trille og Birgitte?
– Korleis tek de imot viss det kjem ei ny jente/ein ny gut i klassen dykkar?

Sjå på framsida på nytt.
– Kven trur de er kven på bildet?
– Gjetta de rett under før-lesinga?
– Kven fortel i utdraget?
– Korleis trur de det hadde vore om det var Lena som var forteljar?
– Og om det hadde vore Birgitte?
– Kva slags inntrykk får de av bygda dei tre barna bur i?
– Kva synest de om Magnus?
– Kva trur de skjer vidare i forteljinga?

5. Vurdering i heil klasse
Klassesamtale.

Til slutt kan de diskutere utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei vurdering:

– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngitte.

Når vurderinga er ferdig, set vi stor pris på om de vil skrive inn meiningane dykkar i boksen «Våre meiningar om utdraget» på tidforti.no.