Opplegg til Smadra

av Brynjulf Jung Tjønn

 

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR:

Sjå på framsida saman. Kva trur dokker ei bok som heiter Smadra, kan handle om?

Framsida viser eit bilde av Oda som er hovudperson i boka. Korleis ser ho ut, og korleis trur dokker ho har det?

UNDERVEGS:

Be elevane notere stikkord om kva tankar dei gjer seg om utdraget medan dei les

ETTER:

1. Elevane vel ut tre av stikkorda dei skreiv medan dei las.

Desse tre stikkorda kan elevane skrive på tavla, og dei kan brukast som utgangspunkt for klassesamtale.

2. Nokre spørsmål det kan vere aktuelt å stille til diskusjonen av utdraget:

Kvifor seier Oda til Milad at ho har ramla på sykkelen?

Kva meiner Milad når han fortel at faren hans er så opptatt av integrering?

Kvifor er ikkje Oda sikker på om ho vil at lærar Hanne skal spørje kva som har hendt, eller om ho vil at Hanne ikkje skal bry seg?

Kva meiner Oda når ho tenker: «Eg tenker at Milad kjenner meg godt»?

Kva får vi vite om bakgrunnen til Milad? Kva er det han har opplevd?

Då mora til Oda kjem forbi kaia, vil ikkje Oda bli med på butikken eller bli med heim. Kvifor vil ho ikkje det?

Kvifor seier Oda: «På ein måte var det litt fint òg» etter første gongen mora slo henne?

Kva trur dokker skjer vidare i forteljinga om Oda og Milad?

3. Vurdering av utdraget:

Korleis likte elevane i klassen utdraget? Kva likte dei og kva likte dei ikkje?

Snakk saman i klassen, og noter ned nokre meiningar. Gå deretter inn på tidforti.no og send inn kommentarane ved å klikke på boksen «Våre meiningar om utdraget».

Mogelege skriveoppgåver:

Kvifor trur du det kan vere så vanskeleg å fortelje om at ein blir slått av ein av foreldra?

Milad forstår nok at det er noko som ikkje er som det burde heime hos Oda. Skriv ei replikkveksling mellom dei to der Milad kan starte med å spørje: «Korleis har du det eigentleg heime, Oda?» eller «Er det ikkje snart på tide at du fortel meg kva som hender heime hos deg?»

Oda har bestemt seg for å skrive eit lite brev og fortelje om kor vanskeleg ho har det. Vel enten Milad, pappa, bestemor, helsesøster eller lærar Hanne som mottakar, og skriv brevet.