Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Fly, Thea! Fly!

Bente Bratlund Mangschou 2015

Thea bur hos ein fosterfamilie. Ho elskar å teikne, og ein dag skal ho og fostermora på ei kunstutstilling. Det blir eit vendepunkt for Thea, og på utstillinga møter ho også ein gut ho ikkje har sett før.

4

Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg.

Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje koma meg av stad fort nok.

Endeleg er Tor Arne og ungane klare og set seg i bilen.

– OK, seier Hilde og låser.

Ho smiler mot meg. – Då er det du og eg.

Vi går nedover mot sentrum. Eg går så fort at Hilde ler. – Vi når fram, seier ho.

Ho smiler til meg. – Eg har aldri vore på kunstutsilling før, så dette blir spennande.

– Eg har ikkje vore på utstilling før, eg heller, seier eg.

Hilde stoggar og ser på meg. – Du som er så glad i bilde.

– Eg er ofte på biblioteket og ser i kunstbøker, seier eg.

Eg blir ivrig. – Det er så mange utruleg flotte bilde i kunstbøkene, og så står det fortalt om kunstnarane som har laga bilda.

– Du er litt av ei jente, seier Hilde.

Så peikar ho mot kulturhuset. – Oi, sjå.

Det står fullt av folk der utfor døra og ventar.

Vi går litt fortare no, og akkurat då vi er framme, opnar dei dørene så folk får koma inn. Vi følgjer med flokken. Det dunkar i meg der eg held meg tett ved Hilde.

Det er nesten berre vaksne her. Berre ein einaste er på min alder. Ein gut som eg aldri har sett før. Det ser ut som om han er aleine.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Om forfattaren:
Bente Bratlund er utdanna lærar, men har sidan 1992 vore forfattar på heiltid. Ho har skrive fleire bøker, både for barn, ungdom og vaksne. Ho har mellom anna skrive serien Hanna & Emma  (8-12 år), Eg er her (9-12 år) og Bebe, ein serie for ungdom. (Frå Mangschou)

Forfattaren si heimeside her.

Kva er kunst? Les her.
Les om kunsthistorie.

Dokumentarfilm: Da søppel blir til kunst. Sjå trailar under.

Her er ein video frå NRK skule om grafitti og gatekunst.

Thea bur hos ein fosterfamilie. Kva er ein fosterfamilie? Les meir her. Les om fosterheim her.

Til toppen