Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Glimt

Tor Arve Røssland Samlaget 2015

Jon flyttar til ei øy i havgapet. Her blir han kjend med Rebekka og dei andre i bandet hennar. Og Finn, som jobbar på ungdomshuset. Ein dag Jon er på ungdomshuset åleine, skjer mystiske ting. Er det nokon som driv gjøn med han? Jon plasserer eit videokamera i huset for å avsløre spøkefuglane. Viss noko rører seg, startar kameraet å filme. Ei heil natt har kameraet stått i huset, og Jon er spent på om noko er filma.

KAPITTEL 7

Jon sov godt etter han hadde plassert videokameraet inne på kjøkkenet i ungdomshuset. Viss bandet dreiv og rigga seg til med nye strekar om natta, så ville kameraet fange dei opp.

Om morgonen vakna han utkvilt. Han strekte seg i senga, og såg fram til å sjå kva kameraet hadde fanga opp.

Han gjespa og labba opp trappa. Mor hadde lagt igjen pengar til å handle for på kjøkkenbordet. Jon la pengane i lommeboka, før han gjekk opp mot ungdomshuset.

Døra til ungdomshuset var låst, og han visste ikkje heilt korleis han skulle forklare for Finn at han måtte inn der. Kanskje han kunne late som han hadde mista noko? Men han visste ikkje kor Finn budde. Då måtte han i så fall spørje seg fram, og tanken på å spørje heilt framande menneske om noko slikt var berre å gløyme. Det var ikkje anna å gjere enn å vente til dei andre dukka opp. Jon gjekk ned til butikken og kikka rundt i hyllene etter noko å ha til middag. Butikken hadde ikkje det aller største utvalet. Mykje frosen fisk, og pizza. Han enda opp med kjøtkaker.

Då såg han Rebekka som rydda i hyllene. Han gøymde seg raskt bak ein høg reol.

Jobbar ho her? tenkte han og kikka fram. Ho såg han ikkje. Ho var for opptatt med å opne esker med matvarer. Han hadde lyst til å seie hei, og han tok faktisk nokre skritt mot henne, men snudde og gøymde seg bak reolen igjen. Han torde ikkje, og kva skulle han seie?

I staden gjekk han forsiktig bort til kassa for å betale. Mannen bak kassa sa ikkje noko. Han berre strekte seg for å sjå etter Rebekka. Raskt sa han kor mykje Jon skulle betale. Etter han hadde gitt tilbake vekslepengane, reiste han seg og gjekk litt unnvikande bort til Rebekka. Jon gøymde seg igjen, bakom eit kjøleskap med brusflasker.

– Går det bra her? sa mannen til Rebekka. Han byrja å rydde i nokre hyller rett ved sida av henne, men det verka mest som han sjekka kva ho dreiv med.

– Det går fint, pappa, sa ho.

– Du kan ta pause når du vil, altså, sa han. – Berre gi meg ein lyd.

Ho snudde seg mot han og freste. – Du treng ikkje passe på meg kvart einaste sekund!

Ho småsprang inn på bakrommet og smelte hardt med døra. Jon blei plutseleg klar over at han stod og stira. Faren til Rebekka sette seg ned bak kassa igjen og forsøkte å smile. Han var heilt grå i ansiktet. – Ha ein fin dag! sa han til Jon.

Jon følte at han spionerte på folk han ikkje kjente. Men det var ikkje hans feil at dei hadde slike diskusjonar midt i butikken.

Kvifor var Rebekka så sint på faren? Det verka ikkje normalt. Det såg ut som om faren overvaka henne heile tida medan han tok imot betaling, og Rebekka oppførte seg minst like merkeleg. Ho hadde ikkje eingong blitt ferdig med å rydde varene, ho gjekk ifrå eskene i butikken og forsvann ut i sinne.

Jon gjekk ikkje rett heim, han trakka seg opp til ungdomshuset for å sjekke om Finn hadde vore der for å opne. Det hadde han ikkje, så Jon hadde ikkje anna å gjere enn å gå heimover.

Han fekk ikkje Rebekka ut av tankane. Kanskje han burde ha snakka med henne. Eller det var kanskje det dummaste å gjere. På ein eller annan måte blei han endå meir interessert i henne no.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Her kan du lese meir om forfattaren.

Grøssarar «tek skrekkfaktoren gjennom ein dyster og truande atmosfære, eller gjennom makabre og dramatiske hendingar. Grøssarens funksjon er å skremme lesaren.» Du kan lese meir om sjangeren her.

Vil du skrive grøss? Her finn du ti skrivetips.

Boktips:
Svarte-Mathilda
En smak av Zommer
Svart senker natten seg
Svartedalen

Svingens mørke verden
Marg og bein

Filmtips:

Rom 213:

 

Til toppen