Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Den tolvte spelaren

Tor Arve Røssland Samlaget 2018

Kevin har flytta til den vesle bygda Våg. Han har gjennomført si første fotballtrening og er aleine i garderoben.

KAPITTEL 2

Med eitt var eg åleine i garderoben.
Eg høyrde romstering utanfor.
Sikkert frå trenargarderoben.

Eg tok handkledet rundt livet
og gjekk fort inn i fellesdusjen.
Der hengde eg handkledet på ein knagg.
Eit av lysrøyra i taket blenkte og spraka.
Vatnet var iskaldt, eg justerte på krana.

Brått hoppa eg til.
I kroken stod ein gut eg ikkje hadde sett før.
Ansiktet hans var skjult av skuggar.
Lysrøyret blenkte raskare.
I rein refleks dekte eg meg til med hendene.

Plutseleg slokna lysrøyret.
Og kroken blei mørkare.
Eit iskaldt drag kitla meg på leggane.
Guten tok eit skritt mot meg.

Han kom ut i lyset.
Ansiktet såg undrande ut.
Som om nokon nett hadde ropt «overrasking!».

Eg kunne ikkje hugse guten frå treninga.
Han ville ha skilt seg ut.
Han hadde framleis fotballdrakt på seg.
Ei skiten og sundriven drakt.
Guten var mørk i huda.
Mørkare enn meg, tenkte eg.
Ikkje svart. Men nesten. I alle fall i dette lyset.

Det draup vatn av han, heile guten var klissvåt.
Hadde han dusja med kleda på? For ein tosk!

– Kva glor du på? sa eg.

Guten stod med eine handa bak ryggen
og granska meg med blikket.
Pupillane hans var kolsvarte.
Han såg ikkje så overraska ut lenger.
Meir målretta. Jaktande.

– Er du homo, eller?
Eg prøvde å vere tøff, men stemma mi sprakk.

Eit kaldt gufs slo inn i dusjen.
Gåsehuda spreidde seg nedover ryggen og låra.
Det var som å stå i eit fryseskap.
Ei sur og roten lukt kom frå guten.
Ein kvalmande stank.
Eg skalv over heile kroppen, slo av dusjen
og greip etter handkledet.

Eg småsprang mot skapet mitt.
Eg sklei bortetter golvet, men ramla ikkje.
Tørka meg i full fart, i sidesynet såg eg guten.
Rørslene hans var rolege, som i sakte film.
Han heldt hovudet lett på skakke,
med blikket festa rett på meg.
Guten såg ut som han skulle gå til åtak.
Eg kunne nesten kjenne dei kalde
og våte hendene hans.
Det stakk i huda.
Eg ville ut!

Eg kledde meg så fort eg klarte.
Underbuksa krølla seg oppover dei våte låra.
Men eg brydde meg ikkje.
Eg sprang mot døra
og krasja med trenaren i døropninga.
– Hei sann! sa trenaren og smilte.

Eg pesa forskremt.
Framleis skalv eg.

– Du er sistemann, ikkje sant? sa trenaren.
Han såg ned på nøklane sine
og merka ikkje kor redd eg var.

– Det er nokon …, sa eg og snudde meg.
Eg såg innover i garderoben.
Han var tom.
Guten var borte.

– Er det fleire som trener her? spurde eg.
– Som bruker garderoben, meiner eg?

Trenaren låste døra og grubla litt. – Ja, det er vel det.
Men vi trener til ulike tider.
Kvifor spør du?
– Nei, ingen spesiell grunn, sa eg. – Eg berre lurte.

Trenaren smilte og klappa meg på skuldra.
Ei hand på skuldra var ikkje akkurat eit tullespark,
men det var i det minste noko.
Vi gjekk gjennom den tomme gangen.
Bort til ytterdøra.
Trenaren retta på hentesveisen.

– Då snakkast vi på torsdag, ikkje sant?
Han låste ytterdøra og gjekk bort til bilen.

Eg stod åleine igjen utanfor klubbhuset.
Kven var han guten eg såg?
Og kvar blei det av han?
Eg såg for meg blikket til guten.
Den rotne lukta hang framleis igjen i nasen.
Og hjartet hoppa framleis i brystkassa.
Eg sprang heimover så fort eg klarte.

KAPITTEL 3

Heime heiv eg innpå middagen.

– Korleis gjekk treninga? spurde pappa.
– Bra! sa eg og togg.
– Kva dagar skal du trene? spurde mamma.

– Tysdagar og torsdagar, sa eg og svelgde.
– Utandørs, på skikkeleg grasbane.
Rett ved sida av ungdomsskulen.

– Må vere ein ivrig trenar, sa mamma.
– Sidan han startar opp før ferien er slutt.

Eg nikka og drakk opp safta.
Hadde ikkje tid til å snakke meir med dei.
Eg tok på meg treningskleda og gjekk ut i gangen.

– Kom heim før elleve! ropte mamma etter meg.
– I morgon er det skule!

Eg var for mett til å springe.
Eg daffa i retning fotballbanen.
Våg var mykje mindre enn Bergen.
Eigentleg berre ei lita bygd,
likevel budde mange i lågblokk.

Pappa var kaptein i hæren, derfor flytta vi ofte.
Eg hadde spelt fotball både i Oslo og i Bergen.
Dialekta mi var heilt håplaus.

Eg såg grusbanen og sette opp farten.
Banen låg inneklemt mellom ei blokk
og ein liten park.
Kåre og Egil sparka ein ball mellom seg.
Ti–tolv andre gjorde seg klare.
Eit par av dei hadde vore på treninga,
men resten var ukjente for meg.
Alle verka litt eldre, kanskje utanom Egil.

– Hei! sa Kåre. – Du kan vere på mitt lag.

Han hadde trua på meg, altså.
Det varma godt.

Vi spelte to omgangar på tretti minutt kvar.
Egil stod i mål på det andre laget.
Han blei dritsur etter kvart som eg skåra.

Men laget mitt smilte til meg.
Dei var storfornøgde med spelinga.
Spesielt Kåre.

Plutseleg pøsa regnet ned.
Digre og harde dropar.
Eg hadde ikkje merka at skyene samla seg.

– Vi stikk! ropte Kåre og vinka på meg og Egil.

Men Egil såg berre surt på han
og sprang andre vegen.
– Dårleg tapar, sa Kåre og la på sprang.
Eg sprang etter.
Regnet blei kraftigare, dropane piska mot hovudet.
Kåre drog meg med inn på ei videosjappe.
Han rista av seg regnvatnet, som ein våt hund.
Eg var litt meir forsiktig.

Videofilmar stod i alle hyller.
Ein speleautomat blinka borti ein krok.
– Herregud, for ei bye, sa Kåre og lo.

Mannen bak disken kremta og såg stygt på oss.
– Bra spelt, forresten, sa Kåre.
– Du har faktisk talent! På banen, altså!

– Takk, sa eg.
Eg klarte ikkje seie noko meir.
Det klumpa seg i halsen.

Eg takla dårleg å få ros.
– Skal vi sjå ein film? sa Kåre.
Han byrja å leite i hyllene.

Eg såg på klokka. Ho var berre ni.
Vi rakk ein film før elleve.
Og eg var berre nokre minutt heimanfrå.
Eg nikka.

– Liker du skrekkfilmar? sa Kåre.
– Altså skikkelege skrekkfilmar. Med 18-årsgrense?

Eg hadde ikkje sett noko særleg skrekkfilm.
I alle fall ikkje med 18-årsgrense.
Eg nikka likevel og smilte. – Eg liker det meste.
– Kult! sa Kåre. – Har de videospelar heime?
– Onkelen min har, sa eg.
Det hadde han ikkje, men eg ville ikkje verke dum.

– Eg har sett mange filmar hos han.
Faktisk mange filmar med 18-årsgrense.

Ikkje overdriv, tenkte eg.
Eg kunne fint late som eg hadde sett mange filmar,
men ikkje for mange 18-årsfilmar.

Vi såg bortover hyllene, og Kåre plukka ut ein film.
På coveret stod ein mann med ei kjøtøks i handa.
Filmen såg skikkeleg ekkel ut.
Og hadde sjølvsagt 18-årsgrense.
– Får du låne denne? kviskra eg.
– Ingen problem, sa Kåre.

Mannen bak disken såg på coveret.
Han drog ut ei stor skuffe og fann videokassetten.
Aldersgrensa blei ikkje nemnd.
– Hugs å spole tilbake denne gongen!
ropte han etter oss.

Det plaska under skoa då vi sprang gjennom gatene.
Kåre budde i eit stort hus,
berre nokre minutt frå blokka mi.
Vi gjekk inn og sparka av oss skoa i gangen.

– Berre gå ned i kjellarstova, sa Kåre.
Eg tok videokassetten,
medan Kåre småsprang opp trappa.
Han kom ned igjen i kjellarstova med chips,
ei literflaske med brus og to handklede.

– Sjå her! sa han og kasta eit handklede til meg.
– Ikkje bli forkjølt.

Eg tørka meg medan Kåre putta kassetten
inn i spelaren.
Tittelen «Cleaver» fylte heile tv-skjermen.
Eg visste at det betydde kløyvaren.
Ein som kuttar opp ting. Ein slags slaktar.

På norsk heitte filmen «Hemnaren».
Ein mafiafyr gjekk igjen etter han døydde.
Han hemna seg på alle som hadde svikta han,
med kjøtøksa på coveret.
Det var mykje blod og gørr i filmen.
Kåre berre lo av det.
Eg syntest det var litt ekkelt.

Kvart på elleve var filmen slutt.
Eg var tissetrengd etter all brusen.

– Dette var kjekt, sa eg.
Herregud! tenkte eg.
Kjekt?
Det var slikt som mamma sa
når vi gjekk i familieselskap.

Kåre smilte. – Ser deg i morgon.
Eg nikka.

Plutseleg kom eg på guten i garderoben.
Kanskje Kåre visste noko?
Men Kåre gjespa og såg trøytt ut.
Eg ventar med å spørje, tenkte eg.
Kanskje guten dukkar opp igjen på torsdag.

Med ein gong eg kom ut på gata,
merka eg at noko ikkje stemte.
Som om nokon såg på meg.

Eg snudde meg rundt, men såg ingen.
Berre den tomme gata.
Men eg var heilt sikker.
Det stod nokon der og spionerte.
Kanskje i ein av dei mørke krokane.

Kulda stakk i nakken,
som iskalde nåler.

Eg torde ikkje snu meg.
Berre la på sprang.
Med eitt høyrde eg raske steg bak meg.
Nokon sprang etter meg.
Nokon som ville ta meg.
Eg spurta alt eg orka.
Der! Endeleg såg eg blokka mi.

Til toppen