Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Snillionen

Arnfinn Kolerud Cappelen Damm 2017

Då mora til Frank vinn 24 millionar i lotto, lovar ho pengar til den personen i bygda som oppfører seg snillast eller gjer noko snilt mot andre. Men konkurransen byr på utfordringar, og kampen om snillionen får fram det beste og verste i innbyggarane. Kven skal få pengane, og kan Frank sjølv vinne? Saman med venene Denisa og Oskar må han leggje ein plan.

Eit par dagar seinare er ei avis ute i friminuttet. Den må kome frå lærarrommet. Det er mor di, seier Oskar. Frank treng ikkje røre seg. Avisa er på veg bort til han. Han får låne den, sikkert fordi dei store elevane trur at han kan svare på noko. Mor er i avisa, på førstesida, og to sider inni. Gir bort snillion, står det på framsida. Inni avisa er det eit stort bilde av mamma, på jobb, på heimen for slepphendte, der ho vaskar eit bord med ei lilla fille. Gjorde reint bord, står det i overskrifta. Det er eit ordspel. Å gjere reint bord betyr å vinne alt. For eksempel i poker. Det har ingenting med vasking å gjere. Frank prøver å lese heile stykket fort. Det er to nyheiter der. For det første står det at mamma har vunne ein formue. Det veit han. For det andre står det at ho vil gi bort ein million. Det er nytt. Ho har bestemt seg for å gi bort ein million til ein person i bygda som gjer noko ekstra snilt. Det er sikkert avisa som har funne på ordet «snillion». Sjølv har ho ikkje bruk for så mykje pengar, fortel Mor. Ho har berre ein son som et fårepølse på skiva og går i dei same skoa kvar dag. Derfor kan ho dele. Slik vil ho inspirere folk til å gjere noko snilt, og gjere bygda til ein betre stad å bu.

Kva må folk gjere for å vinne? spør avisa. Mor har svart med berre éi setning: «Ein snillion vil gå til ein person i bygda som gjer noko godt, eller gjer nokon godt».

Elevane samlar seg i to ringar. Den eine om avisa, den andre om Frank. Han er omringa av skotuppar og nasetippar. Frå kvar munn kjem det utolmodige spørsmål.

– Kan ungar vinne, eller er det berre for vaksne?

– Korleis får mor di vite at eg har vore snill?

– Skal du sladre til henne?

– Kva liker mor di?

Det kjem så mange spørsmål at Frank berre kan svare på nokre få av dei.

– Majones, seier han.

– Er det ikkje litt uklare reglar? spør ei jente.

– Eg bruker å ta med avisa til naboen. Er det nok, trur du?

– Det spørst kor du tar avisa med hen, seier Frank.

Så er det ei lita jente, klemt innimellom to større, som ser opp på han og spør:

– Kan du vinne?

Det blir heilt stille. Ein liten fugl pip i eit stort tre langt borte. Frank opnar munnen, men det kjem ikkje noko ut.

– Nei, seier ei stemme. Det er Pål si stemme. – Mor hans kan ikkje seie: Og vinnaren er …. sonen min, vesle Frankegullet mitt. Sant, ho kan ikkje det?

Nei, det kan ho ikkje. Ho kan ikkje det.

Frank er den einaste som ikkje kan vinne.

– No må alle høyre etter, seier læraren i kvar klasse. – Pengar er ikkje alt, men det skadar jo ikkje å vere snill. Vi kan kanskje diskutere det? Når er du snill? Kva betyr det å vere snill?

I første klasse svarer elevane:
– Ikkje ligge under bordet og sutre.
– Snakke høgt og tydeleg når bestefar er på besøk.
– Låne bort viskelêr til dei som ikkje har.

I andre klasse svarer dei:
– Hjelpe ein førsteklassing med å få opp matboksen.
– Ta ein spikar ut av poten på ei løve.
– Ikkje sitte og bable i timen utan å rekke opp handa.

I tredje klasse:
– Ikkje ta det største kakestykket.
– Ikkje vere misunneleg når andre har bursdag.
– Skrive eit brev til tante i Nordsjøen, med ei teikning ho kan henge på veggen sin.

I fjerde klasse:
– Ikkje gå der fuglane har egg om våren.
– Sette boksen med makrell i tomat på eit fat, så det ikkje blir søl på bordet.
– Passe marsvinet til naboen i ferien.

I femte klasse:
– Sortere søppel dit det skal, mat i mat og plast i plast.
– Kaste dei skitne strømpene i korga og ikkje berre la dei ligge og flyte rundt i heile huset.
– Bruke ein genser du har fått av bestemor, når bestemor kjem på besøk.

I sjette klasse:
– Takke for kampen.
– Steike vaflar og samle inn pengar til fattige land.
– Ikkje snike i køen på butikken. Sleppe forbi dei som berre skal ha ein banan.

I sjuande:
– Ikkje slå plenen når naboen skal sove middag.
– Betale med myntar i butikken, sånn at dei ikkje går tom for vekslepengar.
– Seie til stygge folk at dei har fine sko.

– Bra, seier læraren i alle klasserom. – Lekse til i morgon blir å gjere noko snilt, gjere andre godt, så kan vi snakke om det i morgon.

– Eg er den einaste som ikkje kan vinne, seier Frank.

– Men vi kan få ein idé i lag, ein snill idé, så kan vi vinne og bruke snillionen i lag.

Dei går til kaféen for å dele ein brus. Like bak går to småungar som håper det skal ramle pengar ut av lommene til Frank. Men det er Denisa som har pengar i dag, og som må spandere.

– Eg forstår korleis du har det, seier ho. – Du er millionær, men likevel blakk. Det er som å ha ein kjærast du ikkje kan kysse.

– Kva veit du om det? spør Oskar.

– Eg var på ferie i Sverige i fjor, og der møtte eg ein fyr som heitte Jonas.

– Det har du ikkje sagt noko om.

– Han hadde streng på tennene, og da eg foreslo at vi skulle kysse, gliste han så breitt at han sette barten fast i strengen.

– Bart? ropar Oskar. – Kor gammal var han eigentleg?

Han opnar døra og går først inn i kaféen. Frank held den oppe for Denisa.

– Tretten. Eller, bart og bart. Han hadde i alle fall nokre lange hår på overleppa, som sette seg fast i strengen. Han fekk ikkje håra laus att. Eg prøvde å hjelpe han. Han måtte smile for at det ikkje skulle gjere vondt. Så begynte han å grine. Han måtte springe til mor si, for at ho skulle klippe han laus. Etterpå sat han berre inne i campingvogna si og ville ikkje kome ut.

Frank og Oskar ler. Denisa ler ikkje.

– Eg var nær, seier Denisa og held fingrane litt i frå kvarandre. Det skal kanskje førestille lengda på bartehåret til Jonas.

– Nær, mumlar Frank for seg sjølv. – Millionær.

Denisa kjøper ein brus. Frank plukkar tre glas. Oskar tar ein neve serviettar. Det er berre fem meter å gå frå disken til bordet. Likevel har Denisa veiva så mykje med flaska at den brusar over da ho skrur opp korken.

Oskar gir henne serviettane utan eit ord.

– Vi må snakke om snillionen, seier Frank.

Oskar tar eit blad opp av sekken sin. Andre menneske kjøper blad med matoppskrifter i, eller kryssord, eller bilar, eller damer med fine klede, eller damer utan klede. I bladet til Oskar er det bilde av små gravemaskiner. Han får eit nytt blad i posten kvar månad. Han blar i bladet mens Denisa ventar på at flaska skal roe seg ned.

– Kanskje du blir kidnappa, seier ho, ut av lause lufta.

– Kidnappa? seier Frank.

– Det skjer ofte med ungane til rike folk. Høyrde du på nyheitene i går? Om ho jenta i Tyskland?

– Nei?

– Dottera til ein riking. Ho vart kidnappa. Faren nekta å betale løysepengar. Og ein morgon fann han henne utanfor døra, i ein pose.

– I to, seier Oskar, og ser opp frå bladet.

Frank ser seg om. Ved det eine bordet sit ei stor dame med ei lita veske. Ved eit anna bord sit ein gammal mann med ein omelett. Begge ser ufarlege ut. Bak disken står dama som driv kaféen. Ho vaskar benken med ei fille. Etterpå vaskar ho filla.

Denisa fordeler brusen i tre glas. Frank tar ein slurk av sitt og set det ned att med ein klunk. Eit punktum.

– Oskar, seier han. – Kva er det snillaste du har gjort?

– Snillaste, seier Oskar. Han seier det fleire gonger, som om det er ei engelsk glose han prøver å hugse kva betyr. Han drikk halve glaset sitt.

– Ein gong, på kaia, redda eg Aleksandra frå å drukne.

– Eh … vi var der, seier Denisa. – Det var du som skubba henne uti.

– Eg kasta uti eit tau til henne, seier Oskar.

– Ja, men du heldt ikkje i andre enden. Du kasta uti heile tauet, seier Frank.

Oskar rynkar panna og tømmer glaset sitt.

– Eg var redd ho skulle dra meg uti.

– Og du, Denisa?

Denisa tygg på leppene sine mens ho tenker seg om.

– Eg gir julegåver.

– Ja. Men det er sikkert mor di som kjøper dei?

– Ja-a.

– Og det er mor di som finn på kva du skal gi?

– Ja.

– Du sjølv gjer ingenting?

– Eg skriv namnet mitt på lappen.

– Det ville ikkje eg tatt sjansen på om eg var mor di, seier Oskar. – Du forvekslar jo bokstavane d og p og b.

– Og så?

– Eg har ikkje sagt det før, men første gong du kom i bursdag til meg, hadde du skrive namnet ditt på lappen sjølv. Du hadde begynt å skrive altfor stort, og så vart bokstavane mindre og mindre bortover, og den siste fekk du ikkje plass til. Du hadde ikkje lært å skrive «d». Det stod: Til Oskar. Frå Penis.

Frank og Oskar ler. Denisa blir raud i fjeset.

– Det er ikkje sant!

– Eg trudde du hadde pakka inn ei flaske med piss.

Oskar snakkar ganske høgt. Han er van med å rope, for han står ofte og snakkar med folk like ved gravemaskiner i arbeid.

– Dette er ein kafé, seier ei streng stemme.

Det er dama bak disken. Ho har høyrt to ord på p.

Dama med veska og mannen med omeletten ser også irriterte ut. Dei sit og et! Samtidig skvett Denisa til, for Oskar grip glaset hennar og tømmer det i seg.

– Hei! ropar Denisa.

– Oi! Eg tok feil, seier Oskar og ser på det tomme glaset.

– Feil? Du har jo nettopp tømt ditt eige! ropar Denisa.

– Dei stod så tett. Unnskyld!

– Dei stod tett fordi du skulle ha plass til det dumme bladet ditt.

– Ikkje rop sånn, seier Frank.

– Attpåtil var det eg som betalte, ropar Denisa.

Oskar set det tomme glaset ned på bordet. Han seier ingenting. Han prøver å vente til det går over, omtrent som å vente på ei flaske som har brusa over. Men Denisa går ikkje over.

– Det var mine pengar, mitt. Det var mitt glas og min brus.

– Han har sagt unnskyld, seier Frank oppgitt. – Kva meir vil du han skal gjere? Stikke seg i fjeset med ein gaffel?

No kremtar dama bak disken igjen og seier:

– Dette er ein kafé!

– Eg trur vi kan sjå langt etter den snillionen, sukkar Frank.

Når dei passerer disken, står dama der og skriv nye prisar på menytavla. Det skal bli dyrare. Til gjengjeld teiknar ho på eit smilefjes. Men smilet blir for grådig, så ho viskar fjeset vekk og prøver på nytt.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Les melding av boka på NRK her

Sjå intervju med forfattaren på Framtida junior her

Fakta om lotto finn du her

Norsk Tipping har sidan 1990-talet laga reklamefilmar om lotto. Sjå oversikt her

Lotteritilsynet blei oppretta 1. januar 2001 og er eit tilsynsorgan for forvaltning og kontroll av private lotteri og statlege spel. Les meir her

Høyrt om lottovinnarane som brukte opp alle pengane? Her kan du lese om 21 av dei (på engelsk)

Boktips:

Keeperen og havet av Maria Parr

Harry og Ivar-bøkene av Lars Mæhle. Illustrert av Per Dybvig

Familien Kråkestup og nyset i nabohuset av Kari Smeland. Illustrert av Mona Brekke

Humorboka av Terje Torkildsen

Monstertanta av Ingelin Røssland

Bokmål:
Snill av Gro Dahle
Pitbull-Terje blir ond av Endre Lund Eriksen
Sønnen til læreren av Bjørn Ingvaldsen
Pym-bøkene av Heidi Linde

Filmen Lottomillionærene (Waking Ned Devine på engelsk) er ein gammal klassikar og har nokon likheiter med Snillionen. I kor godt humør er vinnaren i denne bygda over å bli millionær? Det vil Jackie og Michael finne ut av.

Til toppen