Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Hjarteklapp

Hilde K. Kvalvaag Samlaget 2003


I
Hjarteklapp møter du Ingvild, tretten år. Ingvild har bilyd på hjartet, og derfor trur ho at ho kanskje snart vil døy, for det gjorde veslesøstera hennar då ho var baby. Men Ingvild sitt hjarte er uroleg av fleire grunnar, ho er også frykteleg forelska.

                                                                                                                                    12

– KORLEIS ER DET med Maria? Har mor hennar fødd? spør mamma meg når vi et middag. Ho ser opp frå tallerkenen, held blikket fast.

Eg nikkar.

– Kva vart det då? Vart det den jenta Maria ønskte seg? spør mamma.
– Ja, seier eg.
– Det var kjekt. Kva skal ho heite, då?

Kjekt? Synest mamma det er kjekt at mine venninner får veslesøstrer? Og korleis kan ho mase sånn, kjenner ho meg ikkje, veit ho ikkje at eg ikkje har lyst til å snakke om andre sine søstrer?

– Eg må på do, seier eg.

På do tenker eg på Aksel, og eg tel kor mange gongar han har smilt til meg etter sommarferien. Eg går bort til Synne og spør om ho kan halde på ein løyndom. Eg fortel om Aksel. Synne ser interessert på meg og fniser ikkje eingong. Etter at eg har fortalt alt om Aksel og meg framlengs og baklengs, lar eg henne få prøve den nye,
plommefarga leppestiften min

– Synest du eg skal sende han ei melding? spør eg.
– Kven? seier Synne.
– Aksel, vel …
– Ja, sjølvsagt. Det gjer vel ingenting, seier Synne.
– Gjer vel ingenting? Kva meiner du med det?
– Ingenting spesielt, alle sender jo tekstmeldingar… det er jo normalt, liksom …
– Eg får sjå, seier eg, eg tenker på det …

På den gamle tv-en som Synne har på rommet sitt går serien om tenåringsheksa Sabrina. Ho har sperra ei jente inne i eit syltetøyglas, og vi ser korleis jenta kavar rundt inne i syltetøyglaset og ropar på hjelp. Synne spør om ho kan få overnatte hjå meg snart. Vi må spørje Helene, seier eg.

Videokameraet ligg i hylla på rommet mitt. Eg set det i posisjon på kommoden og trykker på record. Eg held armen rundt Raggen og ser alvorleg inn i kameraet. Maria har fått ei søster. Eg er ikkje misunneleg. Babyar berre skrik heile tida. Aksel smilte til meg i dag. Det er andre dagen på rad. Han må like meg, han såg på meg lenge. Ikkje sant, Raggen? (Eg klør han bak øyra, og han legg hovudet inntil låret mitt.)

Etterpå ser eg meg sjølv på videoen, og det er som å sjå ein framand, og eg tenker at eigentleg veit eg ikkje kven den jenta med det lange håret og dei lyseblå veggane er, og eg tenker fy flate, at eg lyg så eg trur det sjølv. Men eg må lyge, for dersom eg døyr, vil eg ikkje at dei skal vite kor fæl eg er, eg vil at dei skal like meg.

Rettigheitane for utdraget gjeld for aksjonsperioden. Vi har derfor fjerna deler av utdraget.

Vil du vite meir?

Om forfattaren:
Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris. For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010). Ho er no aktuell med romanen Lev vel, alle. (Frå Samlaget)

I Bragepris-juryens begrunnelse for Fengsla står det mellom anna: «Prisen for beste barne- og ungdomsbok går i år til en av de skarpeste og mest personlige fortellerstemmene vi har på skildring av ungdom og brytningstid. Sammen med et ærlig språk og en dramatisk avslutning har dette skapt en roman om grensesprenging, som selv bidrar til å flytte på grensene for sjangerens konvensjoner» (kilde)

Kva seier ungdom om Fengsla? Her er nokon utdrag frå Uprisen.no:

«Jeg har dysleksi, men likevel syns jeg denne boka var ganske lett å lese. Jeg har faktisk ikke brukt mer enn tre uker, og da har jeg gjort mye skolearbeid i tillegg. Dette er en bok jeg er glad for at jeg fikk lest, selv om jeg ble sur på forfatteren mot slutten. Jeg anbefaler alle å lese denne boka – fordi den forteller noe om hvor vanskelig det kan være å være ung» – Anja Karoline

«Jeg syns denne boka var helt annerledes enn det jeg vanligvis leser. Egentlig er favoritten min fantasy og grøss (eks. Darren Shan), men jeg likte denne boka iallefall like godt. Tema i denne boka er vennskap og ungdomstid, den handler om hvor vanskelig det kan være å være ungdom. Den var lett å lese, veldig vanskelig å legge fra seg og jeg kunne kjenne meg igjen i beskrivelsene av hvordan både Idun og Mai hadde det. Jeg syns ikke boka hadde så ungdommelig språk, men beskrivelsene var gode likevel. Jeg vil anbefale denne boka til alle fra 14 år og oppover» – Siri Marie

«Selv likte jeg egentlig ikke boka noe særlig. Det er ikke slikt jeg liker å lese om. Jeg må innrømme at den var utrolig godt skrevet, og forfatteren mestrer godt bruken av metaforer og andre virkemidler» – Alma Alic

«Boka har en moral, det er at man må aldri stole fult på andre, enn deg selv, når man trosser en grense har den konsekvenser. Boka kan være litt tankefull, fordi forfatteren skriver slik at man kommer til å tenke på det etterpå. Det ender opp med at man plutselig stopper opp å lese, og sitter der å ser i løse luften imens man tenker på ting. I alt så synes jeg at boka er bra, egentlig så handler boka om livet til en jente som heter Idun. Det er bare en ting å si, ”Read, and enjoy!”» – Imran Iversen

Fleire bøker om kjærleik:
Saiko av Linn T Sunne.
Elskar, elskar ikkje er ei novellesamling frå Samlaget.
Harry Houdinis elefant av Lars Mæhle.
En halvtimes stille i himmelen av Arnt Birkeda.

Songar om kjærleik. Sjekk speleliste her.

Kva skjer i hjernen når ein er forelska? Sjå ein film frå NRK Skule: Når hjernen er forelska

Til toppen