Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Keeperen og havet

Maria Parr Samlaget 2017

Trille og Lena er bestevener, men venskapet blir sett på prøve når ei ny jente flyttar til bygda. Ho heiter Birgitte og kjem frå Nederland. Trille ber Birgitte bli med han og Lena og byggje og sjøsette ei flåte. Det går ikkje heilt etter planen.

BIRGITTE

– Kva meiner du «flytta hit»? kviskra Lena og såg skeptisk på jenta nede i hagen.

– Familien med hunden har flytta hit! Dei er frå Nederland, og dei leiger huset til Oppoverbakke-Jon!

– Har dei lov til det, då?

– Det er vel klart at dei har. Oppoverbakke-Jon bur jo på aldersheimen. Kom!

Eg drog Lena ned i hagen.

– This is Lena, sa eg opprømt.

– Hi. I’m Birgitte, kremta jenta og retta høfleg fram handa.

– Hæ? sa Lena skarpt.

– Ho heiter Birgitte! sa eg.

Eg skulle ønske Lena kunne slå til og seie noko hyggeleg på den nye Kreta-engelsken sin, men det hadde ho visst ikkje tenkt. Ho såg mutt på hunden i staden. Han snusa hyggeleg på henne, slik alle dyr gjer når dei møter Lena. Eg vrei på meg i den pinlege stilla.

– Eh, do you want to build float with us tomorrow? plumpa det ut av meg til slutt.

Eg merka kor Lena stivna ved sida av meg.

– Float? spurde Birgitte usikkert.

Ein kveld tidleg i sommar, medan vi sat på altanen og drakk ettermiddagskaffi, hadde pappa og onkel Tor begynt å prate om den gongen dei var små og bygde ein flåte som dei kom seg heilt til byen med. Det var nok ikkje meininga at Lena og eg skulle høyre det, for pappa fekk eit bekymra uttrykk i ansiktet då han oppdaga at vi følgde med. Og så hadde dei dyssa ned heile historia og begynt å prate om noko anna. Men då var det for seint. Kunne pappa og onkel Tor fare over fjorden på ein sjølvbygd flåte, så kunne Lena og eg. Sidan hadde vi samla vrakgods i smug gjennom heile sommaren og gøymt det i gamlenaustet.
No stod eg her i hagen og prøvde å forklare kva ein flåte var, på engelsk. Eit par gongar såg eg hjelpelaust på Lena, men ho stira berre sint tilbake.

– It’s a thing that … eh … you float on it on the sea … eh, it’s a …

– A raft, sa Lena til slutt, som om ho ikkje orka å høyre på kløninga mi meir.

Birgitte lyste opp. Eg peika nedover markene, på gamlenaustet, så ho skulle skjøne kvar lageret vårt var.

– OK, sa ho litt usikkert. – Haas, kom!

Så forsvann ho gjennom hòlet i hekken og opp på vegen, med krøllar og hund og heile sulamitten.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Les meir om forfattaren her.

I Keeperen og havet møter vi Trille og Lena. Dei kan du og lese om i Vaffelhjarte.

Tonje Glimmerdal er ei anna bok av Maria Parr.

Tonje Glimmerdal har vore spela som teater på Det Norske Teatret:

Boktips:

Keeperen til Tunisia av Lars Mæhle.
Familien Kråkestup og nyset i nabohuset av Kari Smeland.
Ikaros Olsens kamp: Nissekrigen av Bjørn Ingvaldsen.
God dag, herr Jul! av Laura Djupvik og Åshild Irgens.
Matilda av Roald Dahl.
Anton og andre uhell av Gudrun Skretting.
Kameljegeren av Tore Kvæven.
1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk.
Snillionen av Arnfinn Kolerud.

Filmtips:

Keeper’n til Liverpool:

Matilda:

Til toppen