Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Keeper´n til Tunisia

Lars Mæhle Samlaget 2002

Jo Istad er tretten år gammal. Han skal installere plattfotsolar og har planar om å spele seg til fast plass på gutelaget i fotball. Jo og vennene hans er også ivrige samlarar av fotballkort, men det er eitt kort ingen får tak i. Heilt til kompisen Einar plutseleg står utanfor soveromsvindauget hans. (NB! Det er ein liten feil i ingressen og lydfila her samanligna med antologien)

2
Det begynner plutseleg

Ja, det gjer det. Det begynner med at nokon kastar småstein på vindauget til soverommet, før ei velkjend, skjerande pipestemme gjer seg gjeldande:

– Jooooo! Er du vaken?

Eg veit straks kven det er.

Det er Einar.

Kven andre kunne ha funne på å vekke meg på ei slik ukristeleg tid? Eg kastar eit raskt blikk mot vekkar- klokka: Halv ni.

Det er elleve dagar, tre timar og førtifem minutt til eg skal installere plattfotsolar.

Eg kan høyre Hedvig grynte misfornøgd i underkøya, idet eg smyg meg ned på golvet, berre iført truse og ei beige T-skjorte.

– Skund deg! masar Einar ein eller annan stad utanfor.

– Kva er det som står slik på! stønner eg.

Eg er trøtt og sur, ja, eg merkar at eg vil ha meg fråbedt slikt mas om morgonen – midt i sommarferien. Det er ikkje måte på kva ein må finne seg i.

Så drar eg gardinene til sides.

Først no ser eg Einar. Han står der like utanfor vindauget, midt i blomsterbedet, oppkava og andpusten som ein fuglehund etter eit besøk i eit hønseri. Det lange håret hans er enda meir bustete og uregjerleg enn vanleg.

– Pølsa har fått tak i Keeperen til Tunisia! seier han.

Eg mister tråden eit lite sekund. Kan ikkje tru det. Det må vere ein dårleg spøk.

– Skjønar du ikkje norsk? seier han. – Skjønar du ikkje kva som står på spel?

Jo, eg skjønar. Skjønar berre altfor godt. Pølsa har fått tak i Keeperen til Tunisia. Det er det mest deprimerande eg har høyrt på lenge.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Lyst til å vite meir?

Om forfattaren:
Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og debuterte med ungdomsromanen Keeper´n til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010) er basert på denne boka (sjå trailer lenger ned). Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikter i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann Uprisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen. (Frå Samlaget)

Lars Mæhle si heimeside.

Mæhle har skrive boka Bouvetøya 2052. Her kan du sjå kva elevar på ungdomsskulen meiner om den.

Boktips på nynorsk og bokmål:

Hanni av Oskar Stein Bjørlykka.

I Alt om-serien til Gyldendal kan du finne nokon enkle faktabøker om forskjellege fotballspelarar og andre idrettsutøvarar.

I Fortelling om-serien til Kagge kan du også finne bøker om fotballspelarar og andre idrettsutøvarar.

Tidlegare fotballspelar Arild Stavrum har skrevet historia om Maradonas magi. Sjekk ut her.

Fakta om:
Tunisia
Liverpool
Liverpools supportarklubb i Noreg
Liverpool Football Club

Film: Keeper´n til Liverpool

Til toppen