Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Kjære søster

Alf Kjetil Walgermo Cappelen Damm 2015

Eli Anne har mista søstera si. Ho saknar henne meir og meir for kvar dag som går. Snart begynner ho å skrive på Facebook-veggen hennar, for det er ei sak ho aldri fekk fortalt. (NB! Det er ein liten feil i ingressen og lydfila her samanligna med antologien)

Eli Anne Storfjord -> Amalie Storfjord
5. oktober

Kjære søster.

I dag ville du fylt 15 år. Pappa seier at vi skal komme igjennom dette. At livet framleis er verdt å leve. Men eg fekk ikkje eingong sagt farvel til deg. Eg fekk aldri gitt deg ein siste klem. Eg trudde det skulle bli lettare etter kvart. At dei gode minna skulle ta over for alt det fæle. Men det er motsett. Eg saknar deg berre meir og meir. Kjenner sterkare og sterkare at du er borte. Eg har ikkje klart å skrive til deg før no. Men i dag sa mamma og pappa at dei ønskjer å legge ned profilen din. Eg vil skrive til deg kvar einaste dag før det skjer. Eg veit ikkje korleis eg elles skal nå deg.

Likar · Kommentér · Del


Eli Anne Storfjord -> Amalie Storfjord

6. oktober

Kjære søster.

Når eg scrollar nedover tidslinja di, trur eg nesten at du lever. Det er så mange som har skrive til deg. Som har lagt ut bilete, minneord og dikt. Nesten alle vennane dine skreiv på veggen din etter at du døydde. Eg sjekkar han kvar dag, for å sjå om det har skjedd noko nytt. Mange har skrive at dei saknar smilet ditt. At du var den beste. At du sette spor. Men no går det fleire dagar mellom kvar gong det skjer noko. Det eg skriv til deg, er det berre du som kan lese. Eg har vore inne på kontoen din og endra innstillingane. Om vi skal møtast att på den andre sida, vil eg ikkje ha noko uoppgjort med deg.

Likar · Kommentér · Del

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Om forfattaren:
Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) er ein norsk forfattar, journalist, litteraturkritikar og kulturredaktør i Vårt Land.  Han har også skrive bøkene Mitt bankande hjartet og Mor og far i himmelen Cappelen Damm.

Walgermo har skrive ein tekst om sorg i Foreningen !les sitt sakprosamagasin, Faktafyk. Les teksten her.

Fleire bøker om sorg:

Så vakker du er  av Brynjulf Jung Tjønn
Regines dagbok av Regine Stokke (bokmål)
Idas dans av Gunnhild Corwin (bokmål)
Det var en gang en sommer av Vidar Kvalshaug (bokmål)
Ung sorg av Atle Dyregrov, Birgitte Gjestvang og Marit Slagsvold (Sakprosa, bokmål)

Filmtips: The fault in our stars

Sjå trailar (engelsk):

Denne filmen er basert på boka med samme tittel av forfattar John Green. Den er omsett til norsk og har tittelen Faen, ta skjebnen.

Meir om sorg her.
Tips til å takla sorg her.

Les om Facebook her.

Søstera til Eli Anne var veldig glad i artisten Patti Smith. Hennar eigentlege navn er Patricia Lee Smith (f. 30. desember 1946). Smith er ein amerikansk musikar og poet. Ho debuterte med albumet Horses i 1975, og sidan vore ein svært betydningsfull skikkelse i populærmusikken og då særlig rocken. (Wikipedia)

Smith si heimeside.

Her kan du sjå to musikkvideoar av Patti Smith:

Looking for you (was I ):

Summer Cannibals:

Til toppen