Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Skammarens dotter

Lene Kaaberbøl Samlaget Omsett av: Øystein Rosse 2002

Dette er første bok i den spennande Skammar-serien. Boka handlar om Dina som berre vil vere heilt vanleg, men som har ein eigenskap som gjer at ho med blikket kan få folk til å tilstå kriminelle handlingar. I dette utdraget skal Dina og Nico inn i drakegarden. Det går ikkje heilt etter planen.

11
DRACO DRACO

Det var isande kaldt i drakegarden. Allereie ved gitterporten slo kulda imot oss. Ein del av området til drakane var nokre gamle kjellarkvelvar, akkurat som dei vi kom frå, men ein gong for svært lenge sidan hadde fleire av kvelvane og romma over dei styrta saman, så ruinane no hadde iskald, svartblå nattehimmel over seg. Mose og slimete, fuktklamme småsoppar voks i fuger og sprekker mellom nedrasa mursteinar og rotna bjelkebitar. Elles voks der ingen ting.

Eg skulle gjerne hatt lykta frå vaktstova med, men Nico sa det var betre å la vere. Med ei lykt ser du betre der lyset fell, sa han, men der lyset ikkje når, blir skuggane svarte, og der ser du ingen ting. Viss vi tumla nattblinde rundt og lyste opp midt i mørkret, ville drakane ha altfor lett spel. Så vi stod i mellomrommet mellom dei to gitterportane no og prøvde å venje auga til mørkret.

Eg kunne ikkje sjå nokon drakar der inne.

«Søv dei om natta?» kviskra eg.

«Eg veit ikkje,» kviskra Nico tilbake. «Vi bør nok ikkje rekne med det.» Han hadde funne spydet til Drakan og hadde teke den stinkande drakekappa kring skuldrene. «Viss du luktar som ein drake, kan det hende dei trur du er ein drake,» svarte han då eg sa at det var ekkelt.

Nico stivna ved sida av meg. «Der er dei,» mumla han og peika. Først såg eg ingen ting. Så fekk eg auge på ei glidande rørsle i skuggane under ein halvt samanrasa kvelv. Dei låg i ein klump, hals over hals, hale ved hale, og likna kjempestore slangar fordi vi ikkje kunne sjå føtene deira. Kan hende hjelpte dei kvarandre med å halde varmen. Mor mi hadde ein gong fortalt meg at snokar og hoggormar og firfisler ikkje kunne halde seg varme innanfrå, og at det var difor dei låg og sola seg på steinane om sommaren. Til gjengjeld kunne dei tole å bli svært kalde utan å døy. Eg måtte aldri tru, sa ho, at ein hoggorm var død berre fordi han låg svært still.

Det var ei svært kald natt. Rimfrosten låg som ei kvit skorpe på mange av murrestane i garden. Kanskje drakane måtte liggje heilt stille fordi det var så kaldt?

«Draco Draco,» kviskra Nico. «Her kjem vi.» Han låste opp den siste gitterporten.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Om forfattaren:
Lene Kaaberbøl (f. 1960) starta karriera si som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om Skammarens barn, og ho har blant anna motteke Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.

Forfattaren si Facebookside.

Fleire bøker av Lene Kaaberbøl:

Skammarens dotter er første bok i Skammarserien, dei andre er: Skammarteiknet, Slangens gåve og Skammarkrigen.
Her finn du ei liste over bøkene i serien. Sjekk og ut Skuggeporten (2007) og serien Villheks.

Meir om drakar her.

Les ein artikkel om ti ting du ikkje visste om drakar.

Skammarens dotter blei til film i 2015. Under kan du sjå trailaren til filmen.

Til toppen