Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Snillionen

Arnfinn Kolerud Cappelen Damm 2017

Då mora til Frank vinn 24 millionar i lotto, lovar ho pengar til den personen i bygda som oppfører seg snillast eller gjer noko snilt mot andre. Men konkurransen byr på utfordringar, og kampen om snillionen får fram det beste og verste i innbyggarane. Kven skal få pengane, og kan Frank sjølv vinne? Saman med venene Denisa og Oskar må han leggje ein plan.

Eit par dagar seinare er ei avis ute i friminuttet. Den må kome frå lærarrommet. Det er mor di, seier Oskar. Frank treng ikkje røre seg. Avisa er på veg bort til han. Han får låne den, sikkert fordi dei store elevane trur at han kan svare på noko. Mor er i avisa, på førstesida, og to sider inni. Gir bort snillion, står det på framsida. Inni avisa er det eit stort bilde av mamma, på jobb, på heimen for slepphendte, der ho vaskar eit bord med ei lilla fille. Gjorde reint bord, står det i overskrifta. Det er eit ordspel. Å gjere reint bord betyr å vinne alt. For eksempel i poker. Det har ingenting med vasking å gjere. Frank prøver å lese heile stykket fort. Det er to nyheiter der. For det første står det at mamma har vunne ein formue. Det veit han. For det andre står det at ho vil gi bort ein million. Det er nytt. Ho har bestemt seg for å gi bort ein million til ein person i bygda som gjer noko ekstra snilt. Det er sikkert avisa som har funne på ordet «snillion». Sjølv har ho ikkje bruk for så mykje pengar, fortel Mor. Ho har berre ein son som et fårepølse på skiva og går i dei same skoa kvar dag. Derfor kan ho dele. Slik vil ho inspirere folk til å gjere noko snilt, og gjere bygda til ein betre stad å bu.

Kva må folk gjere for å vinne? spør avisa. Mor har svart med berre éi setning: «Ein snillion vil gå til ein person i bygda som gjer noko godt, eller gjer nokon godt».

Elevane samlar seg i to ringar. Den eine om avisa, den andre om Frank. Han er omringa av skotuppar og nasetippar. Frå kvar munn kjem det utolmodige spørsmål.

– Kan ungar vinne, eller er det berre for vaksne?

– Korleis får mor di vite at eg har vore snill?

– Skal du sladre til henne?

– Kva liker mor di?

Det kjem så mange spørsmål at Frank berre kan svare på nokre få av dei.

– Majones, seier han.

– Er det ikkje litt uklare reglar? spør ei jente.

– Eg bruker å ta med avisa til naboen. Er det nok, trur du?

– Det spørst kor du tar avisa med hen, seier Frank.

Så er det ei lita jente, klemt innimellom to større, som ser opp på han og spør:

– Kan du vinne?

Det blir heilt stille. Ein liten fugl pip i eit stort tre langt borte. Frank opnar munnen, men det kjem ikkje noko ut.

– Nei, seier ei stemme. Det er Pål si stemme. – Mor hans kan ikkje seie: Og vinnaren er …. sonen min, vesle Frankegullet mitt. Sant, ho kan ikkje det?

Nei, det kan ho ikkje. Ho kan ikkje det. Frank er den einaste som ikkje kan vinne.

– No må alle høyre etter, seier læraren i kvar klasse.

– Pengar er ikkje alt, men det skadar jo ikkje å vere snill. Vi kan kanskje diskutere det? Når er du snill? Kva betyr det å vere snill?

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Les meir om forfattaren her.

Les melding av boka på NRK her.

Fakta om lotto finn du her.

Norsk Tipping har sidan 1990-talet laga reklamefilmar om lotto. Sjå oversikt her.

Lotteritilsynet blei oppretta 1. januar 2001 og er eit tilsynsorgan for forvaltning og kontroll av private lotteri og statlege spel. Les meir her.

Høyrt om lottovinnarane som brukte opp alle pengane? Her kan du lese om 21 av dei (på engelsk).

Boktips:
Snill av Gro Dahle
Revolvergutten av Arne Svingen.
Pitbull-Terje blir ond av Endre Lund Eriksen.
Sønnen til læreren av Bjørn Ingvaldsen.
Pym-bøkene av Heidi Linde.
Harry og Ivar-bøkene av Lars Mæhle.
Familien Kråkestup og nyset i nabohuset av Kari Smeland.
Monstertanta av Ingelin Røssland

Filmen Lottomillionærene (Waking Ned Devine på engelsk) er ein gammal klassikar og har nokon likheiter med Snillionen. I kor godt humør er vinnaren i denne bygda over å bli millionær? Det vil Jackie og Michael finne ut av.

Til toppen