Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet

Magnhild Bruheim Samlaget 2014

Stian og Stine er stesøsken og like gamle. Ein kveld dei er åleine heime, oppdagar dei ein ukjend person i hagen. Same kveld blir ein gut påkøyrd av ein motorsykkel like ved huset deira. Kva er det eigentleg som skjer? Stian og Stine bestemmer seg for å ta saka i eigne hender.

KAPITTEL 2
STIAN

 

Stine sa ikkje meir, sat berre med hovudet bøygd over iPaden. Eigentleg fint at ho heldt kjeft, tenkte Stian og greip boka si. Men litt kjedeleg også, i grunnen.

Snart var han inne i handlinga i boka att. To venner som skulle løyse mysteriet med ein forsvunnen hund. Nå var dei på sporet av ein kriminell bande.

Plutseleg spratt Stine opp. – Høyrde du? spurde ho og gjorde eit byks fram til vindauget.

– Kva da?

– Eg høyrde noko rart, kviskra ho. – Eg trur lyden kom frå hagen.

Han gjekk bort og stilte seg ved sida av henne.

– Der, sa ho og nikka. – Det er nokon der. Heilt sikkert. Såg du?

– Det er jo mørkt som i ein sekk.

– Det er litt lys frå huset, sa Stine. – Eg såg noko som rørte på seg. Ein skugge, liksom.

– Eg ser i alle fall ingenting, sa Stian og kjende seg snytt. – Du tullar berre.

– Men det er sant, sa ho irritert. – Det er eit framandt menneske i hagen vår. Eller eit dyr.

– Sikker?

– Sikker. Uff, eg synest det er litt ekkelt. Kanskje er det nokon som veit at vi er åleine. Som vil skremme oss. Eller som planlegg å bryte seg inn.

– Det er berre ein måte å finne svar på det på, sa Stian. – Vi får gå ut og spionere. Han kjende at han fekk eit overtak. – Viss du tør.

– Eg tenkte akkurat på å foreslå det same, svarte ho. – Tør du?

Stian svarte ikkje, han var allereie på veg inn på rommet sitt. Stine følgde etter.

– Skal du spionere frå rommet ditt? spurde ho.

– Det er juks.

– Ein spion må ha utstyr, sa han og snudde seg triumferande mot henne. Med ei stor lommelykt i handa. – Klar?

– Jepp.

Med det same kom det eit dunk, som om nokon slo i veggen utanfor.

– Høyrde du nå, da? spurde Stine.

– Best vi skundar oss, svarte han mens han hekta jakka av knaggen og opna døra.

Det hadde falle litt regn tidlegare på kvelden, både graset og lauvet var vått. Stian stilte seg i lyset frå utelampa. – Kvar såg du det? kviskra han så stille det gjekk an.

Stine peikte innover i hagen utan å seia noko. Så tok ho føringa.

Han lét lommelykta vera sløkt mens dei småsprang på baksida av huset. Det måtte vera der dunket kom frå. Etter nokre meter stoppa dei. Stian slo på lykta og lyste mellom trea, lét deretter strålen sveipe over det vesle uthuset og gjerdet mot nabotomta. Så nikka han, og med rolege steg gjekk dei dit, nå heldt han lykta framfor seg som eit våpen dei kunne få bruk for. Ingen sa noko.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Les meir om forfattaren her.

Stian og Stine: motorsykkelmysteriet er første bok i serien om Stian og Stine. Andre bok er Stian og Stine: hyttemysteriet og tredje bok Stian og Stine: Bjørnemysteriet.

Sjå også: Det som er sant og Blod på hendene.

Stian og Stine er aleine heime. Det fins fleire filmar om ein slik situasjon. Den kanskje mest populære er Hjemme alene. Sjå trailer til under:

https://youtu.be/LVrJfMpo3l4

Var boka var spennande? Her er nokon tips til andre spenningsromanar:

Ein motorsykkel i natta av Ragnar Hovland
Marki Marco av Terje Torkildsen
Kameljegeren av Tore Kvæven

Fakta om motorsykkel her.
Sjå også her.

Filmtips:
Motorsykkeldagbøkene
Wild Hogs

 

Til toppen