Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet

Magnhild Bruheim Samlaget 2014

Stian og Stine er stesøsken og like gamle. Ein kveld dei er åleine heime, oppdagar dei ein ukjend person i hagen. Same kveld blir ein gut påkøyrd av ein motorsykkel like ved huset deira. Kva er det eigentleg som skjer? Stian og Stine bestemmer seg for å ta saka i eigne hender. 

Kapittel 2
Stian

Stine sa ikkje meir, sat berre med hovudet bøygd over iPaden. Eigentleg fint at ho heldt kjeft, tenkte Stian og greip boka si. Men litt kjedeleg også, i grunnen.

Snart var han inne i handlinga i boka att. To venner som skulle løyse mysteriet med ein forsvunnen hund. Nå var dei på sporet av ein kriminell bande.

Plutseleg spratt Stine opp. – Høyrde du? spurde ho og gjorde eit byks fram til vindauget.

– Kva da?

– Eg høyrde noko rart, kviskra ho.

– Eg trur lyden kom frå hagen.

Han gjekk bort og stilte seg ved sida av henne.

– Der, sa ho og nikka. – Det er nokon der. Heilt sikkert. Såg du?

– Det er jo mørkt som i ein sekk.

– Det er litt lys frå huset, sa Stine. – Eg såg noko som rørte på seg. Ein skugge, liksom.

– Eg ser i alle fall ingenting, sa Stian og kjende seg snytt. – Du tullar berre.

– Men det er sant, sa ho irritert. – Det er eit framandt menneske i hagen vår. Eller eit dyr.

– Sikker?

– Sikker. Uff, eg synest det er litt ekkelt. Kanskje er det nokon som veit at vi er åleine. Som vil skremme oss. Eller som planlegg å bryte seg inn.

– Det er berre ein måte å finne svar på det på, sa Stian. – Vi får gå ut og spionere. Han kjende at han fekk eit overtak. – Viss du tør.

– Eg tenkte akkurat på å foreslå det same, svarte ho. – Tør du?

Stian svarte ikkje, han var allereie på veg inn på rommet sitt. Stine følgde etter.

NB! På grunn av rettigheitar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Om forfattaren:
Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav ho ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet. Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Ho er no busett på Lillehammer. (Frå Samlaget)

Forfattaren si heimeside.

Stian og Stine: motorsykkelmysteriet er første bok i serien om Stian og Stine. Andre bok er Stian og Stine: hyttemysteriet og tredje bok Stian og Stine: Bjørnemysteriet.

Sjå også: Det som er sant og Blod på hendene.

Stian og Stine er aleine heime. Det fins fleire filmar om ein slik situasjon. Den kanskje mest populære er Alene hjemme. Sjå trailer til under:

Var boka var spennande? Her er nokon tips til andre spenningsromanar:

Ein motorsykkel i natta av Ragnar Hovland
Blod på hendene av Magnhild Bruheim
Marki Marco av Terje Torkildsen
Kameljegeren av Tore Kvæven

Fakta om motorsykkel her.
Sjå også her.

Filmtips:
Motorsykkeldagbøkene

Trailar (engelsk):

Wild Hogs

Trailar (engelsk):

Til toppen