Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Svarte-Mathilda

Tor Arve Røssland Samlaget 2010

For tjue år sidan skjedde eit mord som aldri har blitt løyst. Leilegheita der mordet skjedde har siden stått tom. Heilt til Elisabeth og mora hennar flyttar inn. 

2

Første gongen Elisabeth kom inn i leilegheita, merka ho at noko var gale. Det var eit eller anna som ikkje stemte. Ho fekk ei vemmeleg kjensle i heile kroppen og kjente noko kaldt som strauk henne over fingertuppane. Ho drog jakkeermene heilt ned over hendene og gjekk fort inn i stova. Ho såg på dei nylakkerte listene som blenkte i sollyset frå stovevindauget. Sjølv om den låge haustsola fylte heile stova, var det iskaldt. Elisabeth kjente ein svak trekk som bles inn i munnen hennar. Det isa ned i halsen, og ho måtte puste inn to gonger før ho klarte å puste ut. Ho blei så tørr i halsen at ho måtte svelgje fleire gonger etter kvarandre, utan å ha noko å svelgje ned. Mor såg ikkje ut til å merke noko.

Elisabeth tok ikkje av seg ytterkleda, ho drog glidelåsen heilt opp og stengte seg inne i jakka. Mor gjekk ut på kjøkkenet, mens Elisabeth blei verande i stova. Det var då ho merka det. Ho hadde ikkje høyrt det i stad, men no kunne ho tydeleg høyre ein svak lyd. Som vatn som koker i ein kjele, eller nokon som sleper noko over golvet i etasjen over. Det var nesten umuleg å seie kvar lyden kom frå. Den flytta seg rundt etter kvart som Elisabeth høyrte etter på forskjellige stader. Plutseleg forsvann den, og alt ho høyrte, var mor ute på kjøkkenet.

Elisabeth tok hetta over hovudet og gjekk ut i gangen igjen. Ho kikka inn dørene på eine sida, eit sove- rom med dobbeltseng og eit lite vaskerom som lukta frykteleg innestengt. Ho opna den første døra på andre sida av gangen og kom inn i det som sikkert skulle vere hennar rom. Eit kaldt og kvitt rom med berre eitt vindauge, med utsikt over ein forfallen leikeplass og ein gul plen.

Då ho kom ut igjen i gangen, stod badedøra på vidt gap, og lyset over vasken var på. Ho kunne ikkje hugse at døra var open i stad. Ho gjekk litt nærare, og då fekk ho auge på noko på golvet som ikkje passa inn på dei skinande kvite flisene. Ein flekk som ikkje høyrte heime der.

Ho tok av seg hetta og myste mot flekken.

Føtene gjekk nokre musesteg nærare, sjølv om ho eigentleg hadde mest lyst til å springe ut igjen i stova.

Ho blei dratt nærare og nærare, som om nokon skubba henne bakfrå. Ho tenkte at ho burde springe inn til mor på kjøkkenet, men var for nysgjerrig til å snu seg vekk.

Det var avtrykket etter ei hand. Elisabeth kunne nesten ikkje tru det, men på golvet var det eit mørkebrunt, nesten svart avtrykk etter ei hand.

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Om forfattaren:
Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og ungdom, og er kanskje mest kjent for grøssarserien Svarte-Mathilda. Første bok frå 2010 vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013, også den nominert til Uprisen. Røssland vaks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland. Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk. (Frå Samlaget)

Røssland har skrive mange grøssarforteljingar. Han skriv bøker på bokmål og nynorsk, men synest skrekk og gru funkar best på nynorsk. Her forklarar han kvifor (frå Nynorske barnebøker på Facebook).

«Skrekk er best på nynorsk. Ingenting er så skummelt som ein hesleg demon som kviskrar iskalde ord i nakken din. Bokmål blir liksom litt for snilt, litt for sakleg, bokmål går ikkje heilt under huda slik nynorsken kan gjere. Nynorsken klorer seg fast og set tennene i kjøtet ditt og bit – hardt og lenge. Den grip om sjela di på ein ein heilt annan måte enn bokmål. Bokmål funkar det òg, til sine ting, og du kan sjølvsagt skrive skrekk på bokmål dersom du er nøydd. Men skal du verkeleg skremme livskiten ut av nokon, og det har eg gjort, så funkar det aller best på nynorsk. Og ikkje tru at dette berre gjeld lesarar i nynorskdisktrikta, nei, dette gjeld absolutt alle landsdeler. Eg har reist mykje på skuleturnear, og til og med midt i tjukkaste riksmålsland har eg møtt elevar som har lese bøkene mine, og som har latt seg skremme.

Ein observasjon eg har gjort meg er: Dei merka ikkje at det var på nynorsk, fordi det var så spennande, og skummelt!

Tre av mine nynorskgrøssarar har vore nominerte til Uprisen – ungdommens eigen litteraturpris. Her er det ungdommane sjølv som styrer, og dei lar seg ikkje kjøpe til å like noko. Dei omtalte bøkene og skraut av dei nettopp fordi dei likte det dei las! Dette tek eg til meg. Barn og unge er ikkje fordomsfulle mot nynorsk med mindre nokon lærer dei å vere det.

Min jobb er å skrive bøker for barn og ungdom. Eg skriv både bokmål og nynorsk. Eg er ikkje fordomsfull. Men når eg skal skremme lesaren er det ingenting anna enn nynorsk som funkar.»

Svarte-Mathilda har si eiga youtube-kanal, Facebookside og heimeside. Meir om Svarte-Mathilda her.

Sjå kva elevar på ungdomsskulen meinar om forfattarens bøker på Uprisen.no. Sjekk også ut Plutseleg skjøna eg alle songane og Glimt.

Likar du grøssare, bør du også lese Svartedalen av Atle Hansen. På bokslukerprisen kan du lese kva elevar på 6. trinn synest om den boka.

Til toppen