Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Svikta

Bente Bratlund Mangschou 2017

Iris er skuffa over pappa. Han lova at han skulle kome for å sjå ho på framsyninga på skulen, men plutseleg ringer han for å fortelje at han ikkje kan kome likevel. Iris blir lei seg, for ho vil jo så gjerne at pappa skal sjå ho danse og syngje.

1

Pappa vil ikkje koma!

Det dunkar hardt og vondt i brystet mitt. Eg knyter hendene.

Framfor meg ligg dikteboka mi. Ho er oppslått på ei blank side. Eg skulle skriva ned ei historie eg hadde i hovudet. Eg diktar ofte historier og skriv dei ned. Men så ringde pappa.

 

Han har valt meg bort.

– Eg skulle så gjerne kome, Iris, sa han.

Han snakka så høgt at eg måtte halda telefonen ut frå øyro. Det var musikk bak han i rommet. Han hadde vel besøk også.

– Noko har kome i vegen. Eg er så lei meg for det, sa han.

Eg berre trykte telefonen av. Eg ville ikkje høyra meir.

Han ringde ein gong til, men eg tok ikkje telefonen.

Han ringde til mamma også, og ho kom inn på rommet mitt og sa pappa ville snakka meir med meg, men eg nekta. Det hjelpte ikkje kor mykje mamma masa. Ho måtte berre gje seg og gå inn att i stova. Han trong ikkje forklara meg at han var lei seg.

Eg veit godt kva som er kome i vegen. Det er garantert Lise, den nye kjærasten hans. Det er alltid ho.

Det brenn varmt bak augo mine. Eg tar opp pennen. Skriv med store bokstavar over heile den blanke sida i dikteboka: «Eg hatar pappa.»

Så angrar eg. Og får kjempevondt inni meg. Fort rablar eg over.

Eg hatar ikkje pappa. Eg er utruleg glad i han. Det er difor eg er så lei meg. Pappa har svike meg.

– Du lova jo, pappa, kviskrar eg lågt. – Du lova!

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Les meir om forfattaren her.

Les intervju med forfattaren her.

Hovudpersonen i Svikta, Iris, liker å dikte. Kva er eit dikt? Les meir her.

Svikta var med i Bokslukerprisen. Les artikkel her.

Her kan du lese bokmeldingar frå barn som har lese Svikta.

Boktips:
Eg er eg er eg er
Hest, hest, tiger, tiger
En bror for mye
Far din
Discosatan
Fly, Thea! Fly!

Filmtips:

Billy Elliot:

Til toppen