Lærarrettleiing 2017

Her er lærarrettleiinga frå Tid for ti 2017.

Velkomen til Tid for ti 2017 og lærarrettleiinga som følgjer med prosjektet.

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Aksjonen er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og ei rekkje andre nynorskaktørar.

Målet med prosjektet er å gje elevane gode leseopplevingar gjennom å introdusera dei for nyare nynorsk litteratur.

Sentralt i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti gode nynorske ungdomsbøker. Antologiane blir sende til alle påmelde klassar.

Alle utdraga er òg tilgjengelege på nettsida tidforti.no. På nettsida finst dessutan:

– Klassesida der elevane kan stemma over kva dei synest om utdraga, og der klassane kan gje tilbakemeldingar på tekstane
– Lydfiler av utdraga
– Meir informasjon om forfattarane og bøkene deira
– Lenkjer til annan relevant informasjon, bok-, film- og musikktips
– Aktivitetar og konkurransar
– Denne lærarrettleiinga

Gode leseopplevingar og samtalar

Lærarrettleiinga er meint som ein inspirasjon i arbeidet med å gje elevane gode leseopplevingar.

Bøkene i antologien har kome ut etter tusenårsskiftet. Utdraga er valde ut med tanke på å stimulere leselysta til elevane og samstundes vise fram ei breidde i tema, struktur, skrivemåte etc. Det er ikkje sikkert at alle elevane likar alle tekstane, men målet er at alle skal finne noko dei likar og som gjev dei lyst til å lesa meir.

Antologien kan delast ut med ei oppmoding om å lese utdraga på eige hand, men vi håpar at du som lærar vil leggja til rette for at elevane vil få gode leseopplevingar: gje dei høve til å lese og diskutere tekstane i Tid for ti i klasserommet, formulere leseopplevingane sine og seie kva dei meiner om utdraga. Erfaringane våre syner nemleg at slike samtalar kan ha ein positiv verknad på motivasjonen til elevane og engasjementet deira for lesing, og samstundes for lesekompetansen deira.

Derfor legg denne lærarrettleiinga òg opp til ei personleg tilnærming til dei litterære tekstane, til kritisk lesing og til litterære samtalar i små og store grupper.

Om lærarrettleiinga

Lærarrettleiinga kjem i ein generell del og ein meir spesifikk del med opplegg til kvart bokutdrag.

Den generelle didaktiske ramma rundt opplegga er prosessorientert lesing, ein god og fleksibel metode for ei variert leseopplæring. Ved å dele opp lesinga i fasar, bidreg prosessorientert lesing til at leseprosessen vert synleg for elevane, og dei får sjå og erfare konkrete døme på korleis meininga oppstår undervegs i lesinga. Målet er at teksten vert opna for elevane, og at dei aktivt kan bidra med utgangspunkt i eigne opplevingar og erfaringar. Samstundes får du som lærar moglegheita til å fungere som modell, til dømes i dei delane av lesinga der du meiner at elevane treng støtte.

Den prosessorienterte lesinga kan kombinerast med mange ulike opplegg og aktivitetar, og dei konkrete og spesifikke opplegga i denne rettleiinga er tenkt som eit tilfang av moglege aktivitetar.

Utdrag og oppgåver i lærarrettleiinga har som mål å stimulera til leselyst, gje rom for utveksling av tankar, synspunkt og meiningar og bidra til refleksjon over den litterære erfaringa. Derfor legg undervisningsopplegga vekt på at elevane får etablere ei personleg tilnærming til tekstane. Lista med igangsetjarar, logg og samtalar i par og mindre grupper er døme på aktivitetar som har til formål å byggje vidare på den personlege leseopplevinga til elevane. Slik vert dei meir merksame på si eiga litterære smak og er godt førebudde på å formulera og grunngje lesinga si i ein litterær samtale. Dersom dei i tillegg opplever å bli høyrde og teke på alvor i samtala, har det ein positiv verknad på engasjementet for lesing.

Vi håpar òg at dei vil stemme på utdraga og sende inn meininga deira og delta på dei aktivitetane og konkurransane som følgjer med prosjektet.

Tid for ti i klasserommet – eit forslag

Før-lesing
Kva forventar elevane av utdraget?

Be elevane snakke om bilete og tittel på omslaget, og om kva dei forventar av utdraget dei skal lese. Bruk litt tid på å snakke om sjangaren som høyrar til utdraget (fotball, kjærleik, sorg, spenning eller liknande) og om dei tema som utdraga tek for seg. Viss du vurderar at utdraget er ei utfordring for elevane, kan det vere ein fordel å vere meir konkret og gje eit kort handlingsreferat før lesinga. Sei noko om personane, ta opp vanskelege formuleringar eller omgrep, dramatiser delar av teksten eller liknande.

Undervegs

Elevane kan få i oppdrag å lese eller høyre utdrag på nettsida. Som alternativ kan læraren setja av tid til lesing i timane, spela av lydfiler i klasserommet eller lese teksten høgt for elevane. Undervegs kan elevane markere i teksten, notere på linjene etter utdraget eller i ei loggbok. Ein annan idé er å stoppe opp undervegs for å snakke om kva som skjer og kva elevane trur vil skje vidare. Slike stopp kan bidra til at elevane vert meir engasjerte og meir merksame på sjølve lesinga som prosess, og vil samstundes kunna hjelpa elevane med ord eller avsnitt som er vanskelege å forstå.

Etter-lesing

Oppleving og meining
Etter at elevane har lese, skal dei jobbe med å formulere opplevinga si. Bruk gjerne rekkjefølgja tenk-par-del for å auke tryggleiken og munnleg deltaking, eller sit i par eller grupper og be elevane notere kva dei synest om utdraga: Kva synest dei var det beste ved utdraga? Kva likte dei ikkje? Be dei skrive kvifor dei likte eller ikkje likte utdraga, og be dei om å lese grunngjevinga høgt for dei andre elevane. Då vert leseopplevingane styrkte, og elevane meir førebudde på klassesamtalen.

Diskusjon og avstemming
Diskuter utdraga i klassen ved å ta utgangspunkt i dei personlege leseopplevingane til elevane. Her må ramma vere hyggeleg og elevane få framføre opplevinga, meininga og grunngjevinga si. Det vil bety noko for kvar enkelt. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det enklare for elevane å engasjere seg i litteraturen. Til slutt kan dei sjå om dei kjem fram til ei felles vurdering og/eller stemme over utdraget. (Bruk gjerne metoden om Streken som er i denne lærarrettleiinga).

Innlogging og avstemming
Vi ønskjer å høyre kva elevane synest om utdraga og håpar at dei vil stemma på dei og sende inn si meining. Under kvart utdrag på Klassesida er det derfor ein «Stem på boka»-knapp der klassen kan stemme på tekstane. Er utdraga: Dårleg, Passe bra, Bra, Veldig bra eller Super? Samstundes kan klassen sende inn ei felles grunngjeving: Klikk på «Våre meiningar om utdraget», skriv ei kort forklaring og trykk på «Send inn». Tilbakemeldingane til klassen vert dermed høyrde utanfor klasserommet, og vurderinga til elevane vil påverka samansetjinga av neste års antologi.

Avstemminga finn stad via Klassesida som vert administrert av læraren. Sida er beskytta av brukarnamn og passord som skal vere sende til e-postadressa som blei brukt ved påmelding. Gå til tidforti.no, klikk på «LOGG INN» og tast inn brukarnamn og passord. Har du ikkje motteke e-post med informasjon om innlogging, kan du registrera deg sjølv som brukar på tidforti.no Har du spørsmål, ta kontakt med prosjektleiar Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les på epost ole@foreningenles.no eller telefon 941 29 000.

Tid for ti og kompetansemåla etter 7. trinn i revidert læreplan i norsk

I læreplanen i norsk står det: «Opplæringen i lesing skal stimulere elevens lyst og evne til å lese og skrive, og innebærer at eleven skal lese ulike tekster, både for å lære og for å oppleve.» Elevane må derfor få «engasjere seg i tekster og få innsikt i andre menneskers tanker, opplevelser og skaperkraft.» Her speler litteraturen ei nøkkelrolle, og den reviderte læreplanen tydeleggjer at elevane må få møte tekstar på både bokmål og nynorsk allereie dei første åra på barneskulen. Til dømes syner kompetansemåla at alle elevar skal lesa tekstar på nynorsk frå og med 3. og 4. trinn og eksperimentere med skriving på sidemål dei tre siste åra på barneskulen. Elevar med nynorsk som sidemål har fordel av å møte den nynorske målforma tidleg medan elevar med nynorsk som hovudmål vert mindre eksponerte for eiga skriftspråk utanfor skulen og har derfor nytte av å lese gode barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Uansett hovudmål må ein lese mykje på nynorsk for å bli ein god nynorsklesar – og då treng ein gode leseopplevingar som kan stimulere leselysten! Med Tid for ti ønskjer vi å gje eit slikt tilbod. Vi meiner at unge lesarar må få gode leseopplevingar – på bokmål og nynorsk – for å utvikle engasjement for lesing.

Samstundes dekkjer oppgåvene kompetansemåla i den reviderte lærarplanen i norsk. Vi foreslår at prosjektet først og fremst vert benytta til å jobbe med følgande kompetansemål etter 7. trinn:

Munnleg kommunikasjon:

– lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og skilje mellom meiningar og fakta
– uttrykkje og grunngje eigne standpunkt og vise respekt for andre sine
– uttrykkje seg med eit variert ordforråd tilpassa kommunikasjonssituasjonen

Skriftleg kommunikasjon:
– lese eit breitt utval norske og omsette tekstar i ulike sjangrar på bokmål og nynorsk, og reflektere over innhald og form i teksten
– referere, oppsummere og reflektere over hovudmoment i ein tekst
– forstå og tolke opplysningar frå fleire uttrykksformar i ein samansett tekst
– skrive tekstar med klart uttrykt tema og skape samanheng mellom setningar og avsnitt
– skrive forteljande, beskrivande, reflekterande og argumenterande tekstar etter mønster av modelltekstar og andre kjelder, og tilpasse eigne tekstar til formål og mottakar
– velje ut og vurdere informasjon frå bibliotek og digitale informasjonskanalar

Språk, litteratur og kultur:
– presentere eigne tolkingar av personar, handling og tema i eit variert utval av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og omsett frå samisk
– vurdere tekstar med utgangspunkt i eigne opplevingar og med forståing for språk og innhald

Enkeltoppgåver til kvart utdrag:

Skammarens dotter – Lene Kaaberbøl

Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet – Magnhild Bruheim

Engel i snøen – Anders Totland

Svarte-Mathilda – Tor Arve Røssland

Keeper’n til Tunisia – Lars Mæhle

Rekrutten – Robert Muchamore

Fly, Thea! Fly! – Bente Bratlund

Veslebror ser deg – Cory Doctorow

Kjære søster – Alf Kjetil Walgermo

Galderstjerna – Asbjørn Rydland

Lukke til med det viktige arbeidet de gjer for å spreie leselyst og engasjement for lesing blant elevane!

Helsing Foreningen !les

Tips til vidare lesing om engasjement for lesing og litterær kompetanse:

– Askeland, Norunn og Cecilie Falck-Ytter: Nynorsk på nytt, Fagbokforlaget 2009
– Hennig, Åsmund: Litterær forståelse. Innføring i litteraturdidaktikk. Gyldendal 2011
– Kverndokken, Kåre: 101 måter å lese leseleksa på. Fagbokforlaget 2012
– Kverndokken, Kåre (red): 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på. Fagbokforlaget 2016
– Lillevangstu, Marianne, Elise Seip Tønnesen og Hanne Dahll-Larssøn (red.), Inn i teksten – ut i livet. Nøkler til leseglede og litterær kompetanse. Fagbokforlaget 2007
– Skardhamar, Anne-Kari: Litteraturundervisning, Universitetsforlaget 2011
– http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/Lesing/Ressurser/Lesing-i-norsk1/Hvordan-gjennomfore-litterare-samtaler/

Generell mal for før-, under- og etter-lesing

Malen kan delast ut til elevane og brukast til alle utdraga i Tid for ti.

Last ned malen her (bokmål) eller her (nynorsk)


Opplegg til Tid for ti 2017

Om litterær smak og kvalitet

A. «Kva slags bøker likar elevane?»

Individuelt arbeid.

Be elevane tenkja over kva slags bøker dei likar. Kvifor likar dei disse bøkene?
Det er viktig at elevane er så ærlege og presise som dei klarar når dei grunngjev vala sine.

Oppgåva kan konkretiserast på følgjande måte:
Be elevane laga kvar si liste over bøker dei likar. Det kan vere nye eller gamle, romanar, forteljingar, teikneseriar etc. Har dei ein favoritt?

Be elevane velje den eller dei bøkene dei likar aller best og grunngje eller forklara – til dømes skriftleg – kvifor det er nettopp den eller desse bøkene. Kva er det som gjer at dei har likt desse bøkene? Kor viktig er handlinga? Er bøkene spennande? Morosame? Gripande? Overraskande? Truverdige? Er det fordi dei inneheld personar elevane blir glade i, beundrar fordi dei er annleis, kule etc.? Er bøkene skrivne på ein god måte? Har dei ein god slutt? Noko anna? Er det noko som er skrive av same forfattar? Noko i same sjanger?

Du kan også be elevane skrive ned eit par bøker dei ikkje har likt. Korleis er desse bøkene? Kva er det som gjer at dei ikkje har likt desse bøkene?

Elevane kan samstundes tenkje tilbake på bøker dei har likt tidlegare. Korleis var desse bøkene og kvifor likte dei desse bøkene? Har smaken deira endra seg?

B. Samtale i heil klasse om litterær kvalitet 

Klassesamtale.
Be elevane dele favorittane sine med klassen. Skriv titlane på tavla. Er det bøker som blir nemnde mange gonger, er det nokon som berre få elevar har oppdaga?

Snakk deretter om kva elevane synest kjenneteiknar gode bøker dei har lese. Kva er det viktigaste for at ein skal lese og like ei bok? Kva slags rolle spelar forfattaren, sjangaren, emne/tema, personane, handlinga, måten boka er skriven på?

På bakgrunn av samtalane kan elevane sjå om dei kan å bli einige om 5-10 punkt som kjenneteiknar ei god bok for aldersgruppa deira. Er det andre kriterium no enn då dei var yngre? Korleis tenkjer dei seg at kriteria er annleis for ungdomsskuleelevar? Lærar og elevar noterer 5-10 punkt til seinare bruk.