Nominert til Kritikarprisen

To bøker frå Tid for ti er nominert til sjølvaste Kritikarprisen

Snillionen (Cappelen Damm) av Arnfinn Kolerud og Keeperen og havet (Samlaget) av Maria Parr er blant dei nominerte for beste barne- og ungdomsbok. Dei øvrige nominerte er Miss (Aschehoug) av Synne Sun Løes og Hysj (Aschehoug) av Magnhild Winsnes.

I Tid for ti har vi med eit utdrag frå Snillionen, som også nyleg blei valt ut til å bli presentert under Berlinale, og Keeperen og havet, som Parr i haust fekk Brageprisen for.

Vi gratulerar begge dei nominerte!

Les meir om Kritikarprisen og nominasjonane her