I skrivekonkurransen til Villheks var oppgåva å skrive vidare på utdraget som er med i Tid for ti. Vinnaren blei Aurora Grøttveit ved Knarvik barneskule.

Under kan du lese Auroras historie:

Villheks:

Tante Isa er storesystera til mamma. Eg har alltid synest at det var noko rart med ho, men eg har aldri funne ut kva det er. Til dagen i dag.

Vi er på veg til tante Isa. Ho bur i ei hytte langt vekke. Den er skjult bak ein foss.

«Kvifor skal vi dit?»

Eg ser på mamma. Mamma ser nervøs ut. Eg dultar svakt borti ho.

«Fordi ho veit kva vi skal gjere.»

Ho ser ikkje på meg.

Bank, bank. Vi står utanfor døra til tante. Ho opnar døra brått. Smilet breier seg over ansiktet.

«Eg har venta på dykk.»

Vi går inn i stua.

«Så Clara, kalla skapningen deg for heksebarn?»

Eg er sjokka. Korleis veit ho det? No virka tante enda meir skummel, eg tørr ikkje sei noko. Eg nikkar.

«Då er tida inne.»

Tankane mine rasar saman. Tid til kva? Kva skal eg? Er det farleg?

«Clara, det er noko vi må fortelje deg. Slekta vår er ikkje heilt vanleg.»

Eg kjenner frysningane oppover ryggen.

«Hæ?»

«Vi er hekser.» mumlar mamma.

Eg forstår ikkje. «Vi er hekser!»

Tante ser alvorleg ut. Kroppen min vert stiv. Hekser? Alle musklar er låst. Eg klarer ikkje å seie noko. Tankane mine vert til ein karusell som rasar forbi meg. Heile livet mitt har ingen sagt noko til meg. Det er eit sjokk.

«Clara, dette er berre byrjinga. Du må gjennom eldprøva.»

Auga mine sperrast opp. Kva er det?

«Ein prøve som kan gjere deg til heks.»

Eg ser fortvila bort på tante. «Kan?»

«Om du ikkje består dør du.» Tante ser alvorleg på meg. Tankane slår over til pappa. «Er det derfor pappa er død?» Eg får frysningar, for eg veit svaret no.

«Ja.»

Det er mykje som må bli tatt inn. Eg har fått vite mykje. Heile slektshistoria. Heilt frå bestefar blei heks. Vi er på veg til Himalaya. Til vredens hole. Det er der eg skal sjå ho igjen. Mavis. Mavis, heksenes heks. Ingen har overvunne ho.

Mange spørsmål vil ut for å spørje tante Isa, men eg heldt det inne. Alt er heilt stille. Til tante seier:

«Eg hadde aldri trudd Mavis ville kome til deg no.»

«Ikkje eg heller.» Mamma ser på meg. Eg skjønar ikkje kva dei snakkar om, kom ikkje ho til alle då.

«Det må vere noko spesielt. Ho har aldri kome så tidleg før.» «Bortsett frå for faren din.» Mamma stoppar midt i setninga. «Han var rett og slett for svak, og han var jo topptrent.» Tante vert stoppa av mamma. Ho vil vel ikkje at eg skal bli redd, men det er verkeleg for seint.

Kva er eldprøva? Det er det som gnagar og gnagar. Eg har spurt, men ingen vil svare meg. Dei seier berre at eg må finne ut av det sjølv.

Vi er snart framme. Eg har ikkje sove eit sekund. Eg gruar meg skikkeleg. Du veit når du har ein prøve og læraren seier at det ikkje er på liv og død, vel no er det jo faktisk slik. Tanken borar hol i hovudet mitt. Kva er det eg skal kunne?

Plutseleg dukkar det opp ein tanke. Kan det vere det?

Kan det vere Mavis som er heile eldprøva.