Apetryne

I skrivekonkurransen til Apetryne var oppgåva å skrive det som skjer i utdraget slik Anna opplever det. Vinnaren blei Heine Rene Rørheim ved Fister skule.

Under kan lese Heines historie:

Apetryne

– Vil du vere med på telttur i dag, Anna? spør Simon.

– Ja, kvifor ikkje, svarte eg. – Men kven andre skal vere med?

– Arne, meg, Ivar, Maren og Caroline, svarte Simon.

– Ok, eg er med.

Eg møtte Arne i bakken då eg sykla heim. Eg spurte om han hadde nokon å vere med. Han svarte meg ikkje, han berre gjekk heim. Eg skjønte ingenting, men eg berre sykla vidare.

Etter ein time møtte eg resten av jentene.

– Så kven liker du, Anna? spurte Maren.

– Neiii, ingen spesielle, svarte eg.

– Kom igjen, alle jenter liker nokon, sa Caroline

– Ok, ok. Eg liker Arne, svarte eg.

– Oj, oj, han er jo litt søt, sa Maren.

– Han har liksom det fine smilet og ikkje så fin stil, men han oppførar seg, er snill med mange og er veldig søt, synest eg.

Vi gjekk opp til teltet. Vi gjekk i ein og ein halv time for å kome opp. Vi såg vatn og vi såg fisk hoppe i vatnet, og det var ganske kult. Det hadde eg aldri sett. Teltet var grønt med ved inne i eit hjørne og eit bål utanfor teltet.

Ivar fortel om nokon morosamme videoer og forteljingar, men eg ler ikkje for det var ikkje så kjekt å høyre når han såg ein gut med downs som prøvde å sykle. Arne hermar etter aper som han såg i dyreparken i Kristiansand. Det var morosamt. Ivar prøver å herme etter Arne, men han får det ikkje til. Så tar han mobilen opp i trynet til Arne og filmar han. Arne seier stopp. Han liker det ikkje. Så seier Ivar:

– Arne du treng ikkje å herme etter apene for du er ei ape, du er eit apetryne.

– Det var ikkje morosamt å høyre på, sa eg berre og satt der stille.