Leni vann teikneseriekonkurransen

Leni Blank frå Jendem skule vann i teikneseriekonkurranse i Tid for ti

Det kom inn nesten 200 bidrag frå heile Noreg, men juryen meinte Blank leverte det beste bidraget.

– Det var ein liten sjans, så det var litt sjokkerande og rart, men òg ganske kult, skriv ho i ein epost til Framtida Junior.

Teikneseriekonkurransen var eit samarbeid mellom Framtida Junior og Tid for ti ved Foreningen !les og Nynorsksenteret. Juryen har vore Arild Torvund Olsen frå Nynorsksenteret, teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl og redaktør og forfattar Steffen Sørum. Om Leni si teikning seier dei følgande:

– Serieskaparen har laga ein gjennomarbeidd serie med eit fint visuelt uttrykk og med referansar som unge kan kjenna seg att i. Fargelegginga er gjort på ein måte som skaper interessante teksturar i bileta, og resultatet er eit spanande møte mellom eit digitalt spel og analogt handver.

Les meir her