Lone skule vann skrivekonkurransen

Framtida Junior-redaktør Svein Olav B. Langåker delte ut diplom til Erik, Solvei, Theo og Dennis i vinnarklassen 7A ved Lone skule. Foto: Ragnar Rørnes, Klimafestivalen Junior
Klasse 7A ved Lone skule i kommune vann skrivekonkurransen til Framtida Junior, Tid for ti-aksjonen til Foreningen Les og Klimafestivalen junior.
Nærare 300 elevar og mange klassar frå heile Noreg deltok i skrivekonkurransen med tema håp for framtida. Juryen skryt av eit høgt nivå på tekstane, og kåra klasse 7A ved Lone skule til vinnar av skrivekonkurransen.
– Så utruleg kjekt! No blei me veldig glade, seier elevane Erik, Solvei, Theo og Dennis i vinnarklassen.
Premien er 2000 kroner og eit klassesett av Framtida Junior til klassen. Torsdag klokka 12 får elevane utdelt førstepremien under Barnas klimaspørjetime på Klimafestivalen Junior.
Om vinnarklassen skriv juryen:
«Vinnarklassen skriv om ei variert vifte av tema – frå arbeid, klima, skule, transport og teknologi. Klassen skriv kreativt og godt om korleis me kan få hjelp av ny teknologi i framtida. Mange er flinke med god kjeldebruk, og drøftar godt korleis teknologi, kunstig intelligens og klimaendringar kan påverka oss. Og fleire skriv engasjert om kva håp dei har for framtida. Vinnar av skrivekonkurransen er fullt fortent klasse 7A ved Lone skule».
Juryen kåra tekstane til desse enkeltelevane til vinnarar av skrivekonkurransen:
Nora Erikstad, 6. trinn, Askvoll skule
Nadya Soqullio Gudvangen, 7. trinn, Aurland barne og ungdomskule
Heidi Uggedal, 6. trinn, Søvik skule
Vinjar Krogsethagen Ringstad, 6. trinn, Søvik skule
Emma Trædal Hovde, 7. trinn, Frøyland skule
Joel Andreas Aadland, 5. trinn, Danielsen barne og ungdomsskule på Sotra
Annabell Østebø, 7. trinn, Ogna skule
Tobias Skjelstad, 6B, Landro skule
Desse vinnarane får tilsendt t-skjorte og Framtida Junior-avis eller bokpakke. Du kan lese nokre av tekstane på framtidajunior.no.