Opplegg til Galderstjerna

av Asbjørn Rydland

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR:

Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogo, og snakk om forventingar til utdraget.
Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka?
– Kva for tankar får de når de ser på biletet?
– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spanande, ekkel, dramatisk, romantisk?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?

Boka heiter Galderstjerna.
– Finn ut kva ordet «galder» tyder.
– Kva førestiller de dykk at ei bok med tittelen Galderstjerna handlar om?

Dataspelet «Reborn» har ei viktig rolle i boka.
– Kva slags erfaringar har de med dataspel?
– Er de kjende med andre bøker eller filmar som inneheld referansar til dataspel?
– Kva slags rolle har dataspel i desse verka?

UNDERVEGS:

Be elevane notera stikkord til teksten.
Det kan til dømes vera stikkord til:
– noko som er vanskeleg å forstå
– kva som gjer utdraget spennande
– fantasy-trekk i teksten, t.d. om noko i handlinga bryt med den røynda me kjenner

ETTER:

1. Vurdering

Klassesamtale.

Korleis likte elevane i klassen utdraget? Kva likte dei og kva likte dei ikkje?

Snakk saman i klassen, og noter ned nokre meiningar. Gå deretter inn på tidforti.no og send inn kommentarane ved å klikka på boksen «Våre meiningar om utdraget».

2. Arbeid med fantasy-forteljingar

Galderstjerna er ei fantasy-bok. Fantasyforteljingar kan gå føre seg i vår verd eller i ei anna verd, men dei må innehalda eit fantastisk element av noko slag, som magi, fabelvesen eller noko anna som bryt med det me i vår verd reknar for realistisk. Spørsmål de kan diskutera i klasserommet, er:

– Kva slags fantasy-bøker eller -filmar kjenner de?
– Kva i utdraget frå Galderstjerna gjer at de tenkjer at dette er ei fantasy-bok?
– Kva kjenneteiknar slike forteljingar?
– Kva slags forventingar har de til ei fantasy-bok?

Å skriva kort

Fantasy kjem ofte ut i form av tjukke bøker eller seriar, men det er fullt mogleg å skriva meir kompakt fantasy. Asbjørn Rydland, mannen bak Galderstjerna, har til dømes skrive ei fantasy-brettebok, Skatten, der heile boka får plass på eitt A4-ark. Du finn ho på sida til Nynorsksenteret: Brettebøker

Med inspirasjon frå Galderstjerna og Skatten kan elevane få skriva ei eiga fantasy-forteljing i same korte format som Skatten.

Hjelp til å koma i gang med skrivinga

Dersom elevane skal skriva fantasy, kan det vera lurt å byrja med å få på plass kven, kvar, når og kva:

– Kven skal vera hovudperson? Ein skuleelev? Ein fange? Ein riddar? Ein alv? Ein drake?
– Kvar går det føre seg? I ein skog i vår eiga verd? I ei hole i ei fiktiv verd? På skulen?
– Når går det føre seg? I mellomalderen? I framtida? No? Ti år etter den store krigen?
– Kva hender? Ein kamp? Ei oppdaging? Ei reise? Eit møte med nokon eller noko?

Dersom elevane tykkjer det er vanskeleg å koma på kva historia skal handla om, er det mogleg å bruka eit system med lappar. La klassen i lag finna fram til nokre alternativ til kven, kvar, når og kva, skriv opp dei ulike framlegga på farga lappar (ein farge for kvar av dei fire kategoriane), og so kan kvar elev (eller to og to elevar) få trekkja ein kombinasjon. Les meir om lappesystemet på Nynorsksenteret si side om kreativ skriving: https://nynorsksenteret.no/ungdomsskule/skriving/kreativ-skriving/kven-kva-nar-og-ei-hending

I ei kompakt forteljing er det lurt å byrja rett på handlinga, gjerne med ei setning som gjev lesaren svar på fleire av spørsmåla (kven, kvar, når og kva) på ein gong. Til dømes «Draken kravlar gjennom gangane på skulen på jakt etter skulekjøkenet» eller «Eirik snik seg mellom dei gamle ruinane i skogkanten».

Det kan òg vera lurt å minna elevane på at det ikkje alltid er naudsynt å seia alt eksplisitt. Det treng ikkje stå «me er i Noreg i året 2019» eller «Elina lever i mellomalderen». Av og til er det nok at eleven som skriv, veit desse detaljane og skriv med utgangspunkt i dei, utan at lesarane treng å få vita alt. Miljøskildringar vert gjerne meir truverdige dersom forfattaren veit meir enn det han deler med lesarane.