Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Hest, hest, tiger, tiger

Mette Eike Neerlin Samlaget Omsett av: Brit Bildøen 2017

Honey klarar det meste. Ho lagar mat, handlar og passar søstera si. Men ho lyg, og det gjer at ho ofte hamnar i rare situasjonar. Ein dag går ho på feil buss, noko som snur opp ned på kvardagen hennar.

KAPITTEL 5
– OM Å LYGE OG OM JORDBÆRKAKE

Av og til tek eg meg sjølv i å seie ting som slett ikkje stemmer. Lyge, faktisk. Og her snakkar eg ikkje berre om å seie til mor at ho ikkje ser trøytt ut, viss ho spør – eller fortelje Mikala at måten ho har sortert reseptkonvoluttane sine på, verkar spennande. Eg meiner større ting. Ting som gjer at ein situasjon blir heilt annleis enn det som var meininga.

For eksempel så laug eg ein dag eg hadde gått til bakaren ein søndagsmorgon.

«Ein halv loff med graskarfrø», sa eg først til bakardama.

Vi byter alltid på å gå ned og hente brød om søndagen. Mor, Mikala og eg. Denne dagen var det min tur, og eg hadde stått i kø i over ti minutt. Forretninga var stappfull av folk.

«Det skal du få», sa bakardama og gjekk rett bort og henta ei ordentleg blautkake med jordbær og krem. Ho sette henne pent ned i ei pappeske som ho lukka igjen med stor varsemd. «169 kroner, takk.»

Eg glodde litt på henne og pappeska.

«Eh …», sa eg og fomla med tohundrekronerssetelen mellom fingrane.

«169», gjentok ho og smilte vennleg. «Var det elles noko?»

«Tja, altså», mumla eg mens blikket mitt flakka omkring etter brøda med graskarfrø.

Ei dame skubba meg til sides for å få betre utsikt til bollane på hylla bak disken. Ein mann hosta rett inn i nakken på meg.

«Gud», sa bakardama då. «Det skulle kanskje vere den vesle jordbærkaka?»

Ho la hovudet på skrå og såg undersøkande på meg.

«Eller kva?»

Det var på ingen måte kake eg hadde komme dit etter. Derfor verka det vel også mest opplagt å gjere dama merksam på feilen. Men eg stod framfor eit menneske som openbert hadde problem med høyrselen, noko ho jo ikkje kunne hjelpe for, og i eit rom fylt til randa med utolmodige tilskodarar. Samtidig merka eg tydeleg korleis eg så smått mista augekontakten med henne, idet blikket hennar i staden bora seg inn ein stad mellom nasen og overleppa mi.

«Nei, nei», svarte eg og rekte pengane fram. «Det er heilt riktig. Vi rett og slett elskar kake.»

Mor blei litt muggen då eg kom heim. Ho hadde sett fram til brødskiver, og så var det i tillegg dette med prisen. Men Mikala var overlykkeleg, og til slutt tinte mor opp.

«Men då må det lys på også», sa ho og fann fram boksen med kaketilbehøyr frå ei hylle øvst i kjøkkenskåpet. «Slik ein festleg søndag.»

NB! På grunn av opphavsrettar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Les meir om forfattaren her.

Les meir om omsettaren her.

Honey har ein tendens til å hamne i rare situasjonar fordi ho lyg. Kva vil det seie å lyge?

Les fakta om løgn her.

Les ein artikkel om tema her.

Honey hamnar på kurs i kinesisk. Les om det kinesiske språket her.

Boktips:

Papirfly
Mygglandet 
Vanessa Svartmo
Keeperen og havet
Miss
Sprengt monster

Filmtips:

Matilda:

Keeperen til Liverpool:

Charlie og sjokoladefabrikken:

Til toppen