Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Polarnatt

Sunniva Relling Berg Samlaget Illustratør: Bjørn Rune Lie 2019

ILIAS, 16 ÅR
LANGS EIN VEG NORD I NOREG

Ilias går raskt.
Han held den vesle handa til Amira,
ho må småspringe ved sida av han.
Snøen knirkar under føtene deira.
Vegen er så lang.
Ilias ser berre veg og brøytestikker,
den svarte himmelen et opp resten av landskapet.

Det er over fire timar sidan dei sneik seg ut
frå asylmottaket.
Ilias håpte dei skulle vere framme no,
men han ser ingen hus.

Amira drar i handa hans og peiker på himmelen,
på ei bølgje av grønt lys.
Nordlys.
Grønt som sjalet til mor.
– Sjå, lyset blir rosa, seier Amira.

Amira er den einaste familien Ilias har no.
Første gong han heldt Amira, var han sju år.
Ho var lett som ei fjør.
Dei tynne skrika stilna då han strauk henne over nasen.

Då ho var tre år, sprang ho mot han
kvar gong han kom heim frå skulen.
Han løfta henne og snurra henne rundt.
Ho lo så høgt at naboane kikka ut frå vindauga.
Minna høyrer til i ei anna verd, eit anna liv.
Ho ler ikkje så mykje no.
Han lova å passe på henne,
men no har han sett alt på spel.
Dei kan ikkje bli her ute.
Sekunda spring frå han, dei må nå fram i tide.

Han klemmer handa til Amira og byrjar å gå.
– Men eg er så sliten, seier Amira.
– Tærne mine gjer så vondt, seier ho.
Ilias hukar seg ned.
– Kva om du får sitte på ryggen min?
Han kjenner dei tynne armane til Amira rundt
halsen.
Han tar tak under knea hennar og reiser seg opp.

Amira kunne vore trygg no, endeleg,
om han berre ikkje hadde vore så dum.

Han blir kvalm av å tenkje på det han har gjort,
og går raskare.
Pusten til Amira er varm mot nakken hans.
Men vegen er så lang, og kulda er skarp.

Han har høyrt at rett før du frys i hel,
kjenner du deg varm.
Du er så kald at du blir varm,
og byrjar å dra av deg kleda.
Vegen og brøytestikkene sym framfor auga hans.
Han veit om verre måtar å døy på.

Ilias held hardare rundt Amira.
Då høyrer han rumling, som torevêr langt unna.
Han snur seg og ser eit lite lys ute på vidda.
Det må vere ein snøskuter.
Skuteren køyrer mot vegen Ilias og Amira går på.
Lyset nærmar seg fort. Er det Nils?
Brøytekanten er høg på kvar side av vegen.
Ilias dukkar ned.
Kva skal han gjere no?
Rumlinga aukar i styrke.

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Sjå andre bøker frå forfattaren her

Les meir om illustratøren her

Kva er ein asylsøkjar? Les meir her

Boktips:

Flukt av Atle Hansen
Jag är Supermann av Lars Mæhle
Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen (bokmål) av Bjørn Sortland
Sommer i Norge (bokmål) av Taran Bjørnstad

Brev til Noreg av Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik
Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jarde Ali

Til toppen