Opplegg til Bestem deg, Tony T, bestem deg!

av Erna Osland

Dette undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR:

Sjå på omslaget av romanen.
– Skriv ned nokre stikkord om korleis dokker tenker at Tony er og korleis han har det.
– Kva trur dokker tittelen kan bety?
– Kva trur dokker det er som er så vanskeleg å bestemme seg for?

 

UNDER:

La elevane bruke aktiv blyant medan dei les, og la dei streke under ord dei ikkje forstår, og ord dei liker særleg godt.

 

ETTER:

Skriv opp og forklar dei orda elevane ikkje forstår. Skriv opp dei orda elevane liker godt. La alle elevane kome med kvart sitt ord. Desse orda kan brukast som utgangspunkt for eiga skriving.

1. Personleg meining:
Individuelt arbeid.

– Korleis liker dokker utdraget?
Skriv gjerne ned nokre argument med å starte setningane med: Eg likte godt då …, eg likte ikkje så godt at …

2. Spørsmål i to fasar

La elevane bruke spørsmåla under i to fasar: La først elevane diskutere dei i grupper på to-fire elevar før dei til slutt diskuterer dei i heil klasse. Ein slik framgangsmåte kan føre til at elevane blir tryggare og kan bidra til meir kvalitet i samtalane i heil klasse.

a. Kva er den konkrete meininga av å «halde seg på rett kjøl»? I kva andre samanhengar bruker vi dette uttrykket?
b. Kven er det politiet leiter etter?
c. Kvifor seier farfar at han ikkje har sett noko?
d. Kven er det som har ete flyndra som var att etter middag, trur dokker?
e. Kvifor vil ikkje Silja at Tony skal gå opp på loftet?
f. Kvifor tenker Tony at han må halde auge med Silja slik at ho ikkje finn den siste biten av kartet?
g. Silja kjem inn på rommet til Tony om natta. Kvifor blir dei så usamde at Silja slår til Tony?
h. Kva fortel ansiktsuttrykka deira om korleis dei har det?
i. Kva trur dokker eigentleg går føre seg oppe på loftet?

I tillegg kan dokker snakke om følgande i heil klasse:
– Kvifor trur dokker boka heiter Bestem deg, Tony T, bestem deg!?
I kva situasjonar har dokker opplevd at det har vore vanskeleg å bestemme seg? (Dette kan også vere ei skriveoppgåve).

Tekst og teikneserie er to ulike måtar å fortelje på.
– Kva er likt og kva er ulikt?
– Korleis liker dokker vekslinga mellom teikneserie og vanleg tekst?
– Synest dokker det blir enklare å lese, eller blir det vanskelegare?

3. Vurdering av utdraget:
Klassesamtale

Til slutt kan dokker vurdere utdraget i klassen og sjå om dokker er einige.
– Liker dokker det utdraget dokker har lese? Kvifor/kvifor ikkje?

Snakk saman i klassen, noter ned nokre meiningar.
Gå deretter inn på tidforti.no og send inn kommentarane ved å klikke på boksen «Våre meiningar om utdraget» som dokker finn under utdraget frå Bestem deg, Tony T, bestem deg!