Konkurranse
Tid for ti 2021!
Lag ein teikneserie og vinn fine premiar!
Dei beste teikneseriane blir publiserte i Framtida junior. Vi plukkar òg ut fleire bidrag som får bokpakke frå Foreningen !les og t-skjorte og abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader.
Krav:
• Teikneserien må vera maks ei A4-side (cirka 3–6 ruter)
• Den treng ikkje vere basert på utdraga i antologien, her står du heilt fritt
• Skriv tydeleg viss teikneserien har snakkebobler
• Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar
Frist: 15. mars 2021
Send teikninga som bilete til: framtidajunior@gmail.com og ole@foreningenles.no
Skriv «Teikneserie» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.
Få tips til å lage teikneseriar på framtidajunior.no og Nynorsksenteret.no