Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Veslebror ser deg

Cory Doctorow Samlaget Oversetter: Øystein Vidnes 2009

Sytten år gamle Marcus Yallow er ein hackar som tullar med skulens tryggleikssystem. Men når Bay Bridge i San Francisco blir sprengd i lufta, er Marcus og vennene hans på feil stad til feil tid. 

1

Eg går siste året på skulen Cesar Chavez High i bydelen Mission i San Francisco, og det gjer meg til ein av dei mest overvakte personane i verda. Eg heiter Marcus Yallow, men på den tida då denne historia byrjar, gjekk eg under namnet w1n5t0n. Uttalt «Winston».

Ikkje «Dobbel-ve-ein-enn-fem-te -null-enn» – dersom du då ikkje er ein skuleinspektør utan peiling, så nedsnødd at du enno kallar internett for «informasjons motorvegen».

Eg kjenner ein som har akkurat så lite peiling, og han heiter Fred Benson, ein av dei tre viserektorane ved Cesar Chavez. Han er det du kan kalle eit gapande kjøtsår av eit menneske. Men om du først skal ha ein fengselsbetjent, er det betre med ein utan peiling enn ein som veit kva han driv med.

«Marcus Yallow,» sa han over høgtalar anlegget ein fredag morgon. Høgtalaranlegget er ikkje særleg godt i utgangspunktet, og om du kombinerer det med Benson si sedvanlege mumling, får du noko som høyrest meir ut som nokon som prøver å fordøye ein dårleg burrito, enn ei melding frå rektor. Men menneske er flinke til kjenne igjen namnet sitt i eit lydkaos – det er eit overlevingsinstinkt.

Eg tok sekken min og slo laptopen tre fjerdedelar igjen – eg ville ikkje avbryte nedlastingane mine – og gjorde meg klar for det uunngåelege.

«Meld deg på rektors kontor med ein gong.»

NB! På grunn av rettigheitar kan vi ikkje publisere meir av teksten.

Vil du vite meir?

Om forfattaren:
Cory Doctorow (f.1971) er frå Canada og ein aktiv bloggar, tvitrar, creative commence-forkjempar. Han skriv også i the Guardian. Doctorow er ein internettkjendis, og ein av dei viktigaste tenkarane i dag når det gjeld nettspørsmål. (Frå Samlaget)

Doctorow si heimeside (engelsk).

Veslebror ser deg er den einaste boka til Doctorow som er omsett til norsk.

Les om «Homeland» her.

Kva er overvåking? Sjå her.
Kva er lov og kva er ikkje lov med kameraovervåking? Les her.

Fleire bøker om overvåking:
Bouvetøya 2052 av Lars Mæhle.
Dødslekene (Hunger Games) av Suzanne Collins. Bøkene til Collins i Hunger Games-serien er også populære filmar:

NRK skule om overvåking og Edward Snowden:

Noen spionerer på oss
Datalagringsdirektivet dømt ulovlig
Digitale storebror ser deg

Om Datalagringsdirektivet her.

Til toppen