Blodige Lisa av Tuva Ufs Nymoen

I 1820 skjedde det eit drap som aldri vart løyst. Huset der mordet skjedde har sidan stått tomt. Heilt til Elisabeth og mora flytter inn.

Første gong Elisabeth kom til den staden der huset var fekk ho ein litt ekkel kjensle inni seg, sidan det var ingen hus rundt huset hennar. Det var som om det var heilt øyde. Når ho kom inn i huset, merka ho at noko var gale. I gangen var det skrapemerke oppetter veggen. Når ho såg inni stua såg ho plutseleg ein skygge føyk forbi. Skuggen var grå og såg ut som ei jente nesten på hennes alder. Ho vart veldig nysgjerrig, så ho gjekk rundt i huset får å bli litt betre kjent. Då ho kom opp i andre etasje fann ho eit rom der det var gule veggar, tregulv og ei seng og eit nattbord. I senga låg det ei dokke med kvit kjole på. Kjolen hadde mange fine raude roser på. Elisabeth synes det var barnslig å ha ein dokke når man er 13år gammal. Så ho gjekk ut og heiv den i søppelkassa.

Det begynner å bli kvelden. Elisabeth bestemmer seg for å pakke ut resten av tinga sine, mens ho pakkar ut merkar ho nokon pustar ho i nakken. Elisabeth hyler til og snur seg, men ho såg ingen bak seg. Ho går på badet for å pusse tennene sine og gå på do. Elisabeth listar seg sakte inn på badet. Når ho kommer inn døra kjendes det ut som om ein kniv glir nedover armen hennar. Ho høyrer det dryp noko på golvet. Ho ser ned, og der ser ho ein flekk med blod. Ho ser på armen sin, men der var det ingen kutt eller sår. Elisabeth drog ned buksene og sette seg på do. Når ho sitt på do er det ein spegel rett over hennar, han har mange slags utskjeringar. Elisabeth syntes det såg ut som om det var mange hundre år gamalt. Plutseleg skrur lyset seg av og døra lukker seg med eit smell. Ho høyrer ei hes stemme bak seg seie: «Kvar er dokka mi?». Elisabeth hylte til. Ho prøva å få opp døra, men den var låst.

Plutselig blei lyset skrudd på, mor hennar kjem inn. Elisabeth står kliss våt av tiss. «Kva er det som har hendt her inne» spurte mora. Elisabeth gret. «Døra slo seg igjen og lyset skrudde seg av imens eg sat på do, og eg fekk ikkje opp døra så eg fekk heilt panikk». Ho sprang inn på rommet sitt å reiv av seg dei våte kleda, imens mor hennar spyla badegolvet. Etter mor hennar hadde vaska badet, gjekk mora inn på rommet til Elisabeth og plukka opp dei  våte kleda til Elisabeth. Elisabeth prøva å få kontakt med veninnene sine, men ho fekk ikkje svar. Ho blei så sur at ho kasta mobilen på golvet. Da ho bøygde seg ned frå senga for å plukke den opp, kom det ei rosa saks flygande mot fjeset hennar. Ho hyla til sidan og saksa sat fast i kinnet hennar. Mor hennar kom fort inn og fekk heilt sjokk. Ho kunne ikkje skjøne korleis Elisabeth hadde fått den saksa i fjeset. Mor ringte til legevakta og dei fekk ein time. Då dei sette seg inn i bilen, såg plutseleg Elisabeth at det sto ei jente i vindauget på rommet hennar med kvit kjole. På kjolen var det blod. Jenta hadde svart hår framfor fjeset, bak det svarte håret var det kvite auge. Ho sto med ein kniv i handa. Elisabeth greidde ikkje røre seg ein centimeter ein gong.

Då ho hadde vore på legevakta og fjerna saksa frå fjeset, kjørte dei heim. Då dei kom heim tok ho med seg mora si på rommet. Då dei kom inn var nattbordet velta og alle tinga til Elisabeth var slengt ut på golvet. Mora visste at det var heilt ryddig på rommet før dei reiste. Elisabeth fortalte at ho hadde sett ho jenta i vindauget på rommet sitt når ho sat i bilen. Mora blei litt redd sjølv, men sa ingenting til Elisabeth. Ho sa bare at no skulle dei gå igjennom heile huset å sjå om det var noko nokon hadde gløymt å rydde ut føre dei flytta vekk. Når dei hadde rydda ferdig rommet til Elisabeth gjekk dei opp på loftet. Gangen inn til loftet var smal med mykje spindelvev, Elisabeth fekk grøssingar. Når dei kom inn døra var det ei barneseng og ei dokkeseng der. Det som var litt rart, var at det låg dyne og pute og ei dagbok i barnesenga. På dagboka sto det: Lisa si dagbok. Mora blei litt nysgjerrig, men sa til Elisabeth at dei ikkje skulle ta dagboka. Men Elisabeth hadde så lyst til å sjå kva som sto i den. Ho venta til mora hennar hadde lagt seg. Det tok lang tid føre Elisabeth torde å gå igjennom den smale gangen igjen, men ho måtte bare få tak i den dagboka. Så etter ei beite lista ho seg opp på loftet og tok dagboka. Da ho hadde kommi inn på rommet sitt igjen, sette ho seg i senga og begynte å lese. I dagboka sto det:

10 Mai
Eg finner ikkje dokka mi!
Det er den einaste vennen eg har…
Eg veit at det er den nye jenta som har flyttet inn som har teke den…
Eg skal drepe ho, men først skal eg la ho lide….

Då Elisabeth hadde lest det, fekk ho grøssingar. Ho skjønte med ein gong at det var ho jenta som hadde stått i vindauge. Og at det var ho som hadde smelt igjen døra og skrudd av lyset og viska hennar i nakken. Og det verste var at det var ho som hadde kasta den saksa i kinnet hennar. Elisabeth kunne ikkje tru kva slags fare ho var i. Men ho kunne ikkje si at ho hadde lest dagboka til mora si, for det var jo mora hennar som hadde sagt at ho ikkje skulle lese den. Neste morgon lister Elisabeth seg opp på loftet igjen får og finne fleire bevis sånn at ho kunne vise det til mora si. Da ho hadde gått igjennom den smale gangen og inn døra, var det ein hylle med nokon bøker ovanfor senga. Ho gjekk bort og såg at dei fleste bøkene var lesebøker, men så såg ho ein bok som var brun og støvete. På boka sto det: Familiebok. Elisabeth opna den opp og der sto det:

1820 19. Februar
Nå er vår kjære dotter Lisa død.
Vi er så lei oss…
Dessverre sovna ho ikkje stille inn, ho blei drepe av ein eller annen mann.
Vi sørgjer så mykje.
Vi la favoritt dokka hennar i graven med ho fordi det var den første tingen Lisa lika når ho var lita.
Vi har aldri fått lov av ho og halde dokka.
Du var ei nydeleg jente Lisa.
Vi elskar deg…

Etter at Elisabeth hadde lest dette, kom ho på at ho hadde gløymt heilt bort at ho hadde kastet den dokka for lenge sidan. Ho sprang ned i gangen, tok på seg vottar, lue og jakke og sprang nedover gata. Når ho kom til søppelplassen gjekk ho rundt og leita etter nokon som jobba der, men det var ingen å sjå. Etter at ho hadde vore rundt å leita i nokre timar, bestemte ho seg får å gå heim att. Når ho kom heim, gjekk ho opp på rommet sitt. Ho var aleine heime sidan mora hennar var på jobb. Så ho låste døra inn til rommet og sette mange ting framfor døra. Plutseleg kjenner Elisabeth at nokon pustar ho i nakken. Ho snur seg brått og der står Lisa med kniv i handa og seier: «Hei Elisabeth, er det meg du prøvar å stenge ute?» Elisabeth hyler og plutseleg blir det heilt stille. Så seier Lisa: Du er ein av mine nå…