Gjenferd av Elisa Lyng Sandvik

Eg heiter Hermine, og er eit gjenferd. Det har flytta nokon nye inn i det huset eg spøker i. Elisabeth heiter ei jente som har flytta inn. Kanskje eg og ho kan bli venner?

Vel, eg har aldri hatt ein venn, alle trudde eg var ei heks når eg var liten. Så for å sjå om eg var ei heks myrda dei meg når eg sov, og difor er eg død nå.

Elisabeth har fått rommet som eg sov på. Når Elisabeth var på do brukte eg spøkelseenergi slik at ho kunne sjå meg, men det virka som ho var redd meg. Eg heimsøkjer huset fordi eg har budd der, og for at mamma døydde i huset. Ho døydde på badet, difor er det ein blodflekk der. Pappa forvant i Afrika når han var på jobb, så eg har hatt det vanskeleg, og når eg ikkje har hatt ein venn ein gong så blir det jo berre verre.

Når Elisabeth la seg ein kveld, viste eg meg igjen, ho ser ikkje så redd ut lengre. Ho begynte og snakke med meg.

– Hei, eg er Elisabeth.
– Hei, eg er Hermine.
– Kven er du eller kva er du? Spør Elisabeth.
– Eg er eit gjenferd, svarer eg.
– Men kvifor er du i dette huset her då? Undrar Elisabeth.
– Vel eg har budd her, forklarer eg.
– Eg berre lurer kva er den blodflekken på badet? Spør Elisabeth.
– Sikker på at du vil vite det? Svarer eg.
– Ja, berre sei det du, seier Elisabeth nysgjerrig.
– Det var mamma som døydde der, så eg har budd her åleine etter det, svarar eg trist.
– Faren din då, kor er han? Undrar Elisabeth.
– Han forsvant i Afrika når han var på jobb, mumlar eg.
– Stakkar deg, men då var du vel mykje med venner då? Seier Elisabeth.
– Nei, eg har aldri hatt ein venn, kviskrar eg.
– Jo, du har jo meg, seier Elisabeth smilande.

SLUTT