Hjernemysterium av Emily Fostervoll

Elisabeth er på veg opp trappa til Langetungarden. Når ho er på veg opp trappa får ho ein stor klump i magen, det følas som om klumpen berre veks og veks. Jo nærmare døra ho kjem, jo større blir klumpen. Endelig er ho på trammen klar til å opne døra. Når ho skal til å banke på! KNIIIIRRK!!! Seier døra. Ho blir så redd at ho dett ned trappa og ned på grusen. Ho opnar Dagboka til Marie og les. «Kvar dag eg går ned trappa på langetun knirkar ho», men ho er bestemt på å komme inn. Elisabeth gjeng bestemt opp til døra og prøvar å gløyme kva som akkurat hende. Ho går opp til døra og bankar. !!BANG!! Plutseleg falt døra ned, nokon hadde skrudd av hengslande. Det låg fullt av skruer og verktøy på golvet. Elisabeth skjønner fort at ho ikkje er aleine på garden. «Hallo», seier ein svak stemme, Elisabeth frikar ut. «Kven er det?» ropar ho. «Hjelp meg før ho kjem!» ropa stemmen.

Elisabeth gjeng  opp trappa for å leite etter personen, men når ho kjem opp i andre etasjen er det ingen der. Er eg blitt galen tenkjer Elisabeth. Det er kun eit kunstgalleri fullt av bilde av alle som budde på garden. Ho tar opp ei rivd ut side frå dagboka og les. «Bak kvart tredje bilde er det eit tal.» Elisabeth kikkar på bilda, det er ni bilder. Elisabeth løp og  kikkar bak det tredje bilete. Der er det gjøymd ein lapp! Ho opnar lappen med høy forventing. Der står det talet 3. Ho kikkar bak det neste, tredje bildet. Bak der er det eit 8 tal. Ho løp bort til det neste tredje bildet og der står det talet 5. Ho set tala saman. Plutseleg kjem Philip tilbake ut av mørket. «Svarte Mathilda kjem, løp så fort du kan», skreik Philip. Ho løp så fort ho kunne ned trappa og ut av garden, men no er Philip borte. Elisabeth skikkar rundt seg ,men ho er heilt aleine. Ho stressar meir og meir, ho skikkar rundt seg og skrik «Philip». Elisabeth ropar på Philip, men ingenting skjer. Ho blir kun meir og meir redd, til slutt blir ho så redd at ho besvim.

Plutseleg vaknar ho i si eiga seng i leilegheita. Var alt ein draum, tenkjer ho, alt var så verkeleg. Det kunne ikkje vere ein draum. Ho strekkjer seg mot nattbordet for å ta mobilen, men det er ikkje noko nattbord. Det er heller ikkje vindaug, kun ubrukelege gardiner. Nå forstår ho at dette ikkje er leligheita hennar. Ho gjeng ut av senga og ut i gangen, alt er kvitt, eit tomt kvitt rom med ei trapp og litt støv.  Ho skjønar ingenting, kor kan ho vere? Elisabeth gjeng bort til enden av det tomme rommet og gjeng opp trappa. Hjartet banka som bare det, alt ho høyrde var pulsen hennar som gjekk altfor kjapt. Ho gjeng og gjeng, men trappa er endelaus. Ho prøvar å kave seg opp, men døra i toppen av trappa går lengre og lengre bort. Elisabeth blir heilt forskrekka, kva skal ho gjere no? Ho prøvar å roe seg ned så fort ho kan, ho lokkar auga og tenkjer på gode ting. Når Tommy leika med hennar i haga og når mor steika pannekaker. Dei glade tankane klarer fort og roe hennar ned. Elisabeth fortsettar roleg opp trappa, denne gongen går ho faktisk oppover. Når ho kjem til toppen gjeng ho inn døra som stend på gløtt. Bak døra er det enda eit rom som er fult av bilder. Det er bilde av Tommy og Mamma og Elisabeth, det er familiebilde. Ho skjønte fort kor ho var. Det var ein hjerne, det var akkurat som på film. Ho var i hjerna til Tommy. «Korleis går det an?»  hviskar ho til seg sjølv. Plutseleg kjem det eit stort smell nedanfrå. Elisabeth skvett og faller ned på golvet. Ho kjappar seg ut døra og ned trappa.

Når ho kjem ned trappa er ho ikkje i det sama rommet som ho var i før! Rommet er fullt av gammaldagse møblar slik som ein ser på museum. Kvifor har Tommy det i hjerna si? Kva har skjedd? tenkjer ho. Dunk! Seier det igjen. «Kven er det?» skrik Elisabeth. Ho er bestemt på å finne ut kva lyden er. Ho gjeng vidare inn i rommet. Hjartet bankar, men ho fortsetter å gå. Elisabeth har ein stor klump i magen som berre veks og veks. Ho gjeng ut av rommet og plutseleg blir ho møtt av ein mørk skugge. «Kven er du?» skrik ho. Skuggen løp vidare inn i eit anna rom. Ho følgjar etter skuggen inn i rommet. Når ho kjem inn, er skuggen borte. «Kor er du?» skrik Elisabeth inn i det tomme rommet. Plutseleg smell døra igjen. Pulsen til Elisabeth stiger hjartet dunkar. Alt blir mørkare og mørkare. Ho vaknar av ein hyggelig stemme. «Våkn opp, våkn opp», seier stemmen. Dette var ein stemme ho kjende att. Ein roleg fin stemme. Elisabeth vaknar ute på ei fin blomster eng. «Bli med å leik Sigrunn», ropar ei stemme. Elisabeth skikkar rundt seg, så ser ho to jenter som leikar ute på enga. Elisabeth gjeng bort til dei to jentene. «Har dykk sett ein stor skugge?» spør ho. Då snur begge jentene seg.

«Kanskje det, korleis ser han ut?» spør ei av jentene. Breie skuldrer, svart kappe, maske over fjeset, svarar Elisabeth. Begge jentene peikar i same retning, ret inn i skogen. Elisabeth gjeng inn i skogen  jentene peika mot. «Kor er du?» ropar Elisabeth. Plutseleg kjem den mørke skumle skuggen tilbake. «Kven er du?» skrik Elisabeth. Skuggen tar av seg ei kappe han har på seg. Hjartet til Elisabeth falt rett ned i magen. Det er Tommy! Kva var det Tommy ville? Men det er ein annan historie….