Aktivitet: Mareritt

1.

Slå av lyset i klasserommet og lytt til lydfila av utdraget. Lag ei teikning av jenta i hagen. Korleis ser ho ut? Kva har ho på seg? Kva heiter ho?

2.

Skriv ei bokmelding av utdraget. Kva syntest du var spennande? Kva likte du ikkje? Kva slags terningkast vil du gi utdraget? Les på uprisen.no kva elevar på ungdomsskulen meiner om boka. Er du einig/ueinig?

3.

Skriv ein grøssar om kven du trur jenta i hagen er, eller lag ein skrekkfilm der du tek utgangspunkt i det som skjer i utdraget.