Aktivitet: Skogen den grøne

1.

Gå ein skogstur. Ver i noet. Bruk sansane. Lukt på mose, smak på bær/kløver, kjenn på borken på trea. Pust. Prøv å setje di eiga oppleving av å vere i skogen i fokus, samstundes som du er ein del av ei gruppe/klasse. Lag turen i skogen til noko som er godt for deg og dei du har rundt deg.

2.

Skriv eit moderne haikudikt om opplevinga. Eit haikudikt er delt i tre linjer med 5 + 7 + 5 stavingar. Haikudikta er haldne i notid, dei skal vise til ei årstid, og det skal gjerne skje ei rørsle i diktet.

Mosen kitlar meg
Grøn, gråsprengd, stiv og gammal
Frisk og klok du er

Dersom det ikkje er mogleg å organisere ein skogstur, kan de hente inspirasjon til diktet frå noko anna, til dømes eit fjernsynsprogram om skogen her

3.

Lag eit skogbilete i storleik A4 med mørk grøn eller brun bakgrunn og lysare skogfargar på målinga. La deg inspirere av uttrykket i framsideillustrasjonen til Mari Kanstad Johnsen. Lim haikudiktet ditt inn i biletet. Gjer deg flid. Ram inn med farga papp i storleik A3, og heng opp i ei klasseromsutstilling.