Studentar har lese inn lydfiler

Dramastudentar ved Høgskulen i Volda har lese inn tekstar til leseaksjonen Tid for ti

Utdraga i Tid for ti er og tilgjengelege som lydfiler. Tekstane er lesne inn av studentar ved dramalinja på Høgskulen som ein del av haustens emne, Lydbok, dubbing og radioteater.

Vi i Foreningen !les er veldig takknemlege for at studentane har teke utfordringa med å lese inn litteratur som lyd.

På Nynorsksenteret sin blogg kan vi lese ei lengre sak om studentane. Sol Ingrid Benedikte Villemo Horten (28) frå Oslo går andre året på teater og drama, og er ein av studentane som har lese.

– Før eg byrja på studiet her i Volda, hadde eg ikkje jobba noko særleg med lydbok, fortel Sol til Nynorsksenteret.

LES HEILE SAKA HER