Faktisk frukost med Totland

Frukostvert: Kvar laurdag og søndag klokka 0900 kan du bli med forfattar Anders Totland inn ei verd av sanne og mørke historier frå verkelegheita. Foto: Marius Knutsen.

Forfattar Anders Totland inviterer sjåarane inn ei verd av sanne og mørke historier frå verkelegheita.

Totland har fleire sakprosabøker for barn og ungdom bak seg. På Gyldendal har han følgande merittliste:

Den norske slavehandelen (2018)
Nattmannen (2019)
Lepra (april 2020)

I tillegg ga han i fjor ut faktaboka Ut i rommet på Samlaget.

Den norske slavehandelen og Nattmannen er bøker vi i Foreningen !les har formidla via ulike prosjekter. Den norske slavehandelen var blant anna med i Tid for ti 2019 og Faktafyk #6 2019. Sjå utdrag her og lærarrettleiing her frå Faktafyk. Nattmannen er med i den pågåande Tid for ti-aksjonen. Sjå utdrag her og lærarrettleiing her

Med utgangspunkt i sakprosabøkene Totland har skrive dei siste åra, og alt materialet han sit på etter undersøkingsarbeidet, vil han gjennom Faktisk frukost kvar laurdag og søndag klokka 0900 formidle norsk og skandinavisk historie frå dei siste 500 åra. Det skal handle om slavehandel og tortur, ære og skam. Og ikkje minst kjem det til å handla om smittsam sjukdom. Og kanskje litt om romfart.

Forfattaren planlegg ti episodar i første omgang. Premieren er laurdag 28. mars klokka 0900 og alle episodane blir lagt ut på denne nettsida. Kvar episode blir på 10-12 minutt, og alt saman blir lagt ut til fri bruk på forfattarens eiga heimeside. Om folk ønskjer ei påminning kvar gong det kjem ny episode, kan dei gå inn og lika Faktisk frukost som arrangement på Facebook. Der blir òg videoane lagt ut samtidig.

Totland fortel at den nye situasjonen med korona har ført til han som forfattar og formidlar må tenkje alternativt.

– Eg jobbar til vanleg mykje med formidling, og turnerer store deler av året. Noko av det finaste eg veit i jobben som forfattar, er nettopp å få vera med og løfta bøkene og stoffet eg skriv om inn i klasseromma, og kanskje til og med heim i nokon sine stover. No er det full stopp for alle tradisjonelle formidlingsformer, så då må me berre tenka nytt. Og sjølv om desse sendinga blir publisert i helgene, blir dei jo liggande der ute på internett, så det er ingenting i vegen for å bruka det i undervisninga, eller som noko ungane kan sjå i lunsjen på heimeskulen, seier Totland.

– I utgangspunktet hadde eg tenkt å gjera dette på vekedagar, men då er jo ungane i denne målgruppa opptatt med skulearbeid, sjølv om dei for tida er heime. Men i helga, om morgonen, er det veldig lite å finna på no. Då tenkte eg det kunne vera fint med eit fast innslag som ein både kan sjå åleine og saman med nokon vaksne, for dei som vil det, legg han til.