Vinnarar av skrivekonkurransen!

Vinnar: Lucas Persche-Maudal (12) frå Forsand skule skreiv biografi om Greg Heffley frå bøkene, «En pingles dagbok», og gjekk heilt til topps i skrivekonkurransen Foreningen !les arrangerte i samarbeid med Framtida junior. Foto: Katrin Persche.

Vinnarane av skrivekonkurransen er no klare

Lucas Persche-Maudal (12) frå Forsand skule er hovudvinnar i skrivekonkurransen som Foreningen !les og prosjektet Tid for ti arrangerte i samarbeid med Framtida junior. Oppgåva i konkurransen var å skrive ein biografi. Lucas skreiv om sin favorittkarakter, Greg Heffley, frå En pingles dagbok.

– Eg har ikkje ord. Det er jysla kjekt, seier Lucas til Framtida junior over telefonen.

Juryen har bestått av Bente Lothe Orheim (Gyldendal), Elen Betazo (Samlaget) og Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret). Om vinnarteksten seier dei:

Så fint å bruke biografi-sjangeren til å bli kjent med ein litterær karakter! I denne teksten skriv forfattaren både om generelle eigenskapar Greg frå «En pingles dagbok» har, og viser til ulike episodar frå bokserien. Det flyt godt, og det er levande fortald. Forfattaren har tydelegvis god kunnskap om Greg og bøkene, og fortel på ein oversiktleg – men samstundes engasjerande måte.

Les vinnartekten til Lucas her

I tillegg til vinnarteksten blei det plukka ut to tekster til der forfattarane får bokpakke i posten. Det er Elise Gjerde Engh, Hasund skole, sin biografi om statsminister Erna Solberg, og Mari Krumsvik Mosnes frå Fister sin biografi om skiløpar Therese Johaug.

Det kom inn nærare 600 bidrag til skrivekonkurransen. Ifølge Framtida junior er det ny rekord i talet på deltakarar i ein skrivekonkurranse hos dei.

Les heile intervjuet med Lucas her

Foreningen !les gratulerar vinnarane og takkar for alle dei fine bidraga frå elevar omkring i Noreg!