Bøkene i Tid for ti 2022


Her er bøkene vi har henta utdrag ifrå i Tid for ti 2022

Har du framleis ikkje bestilt bøker? Då kan du melde deg på her

Skallen
Harald Nortun
Samlaget 2021
Grøss
S. 9–17

 

 

Erik og Ben er på fisketur på fjellet og har heile Reinsvatnet for seg sjølv. Eller er dei eigentleg aleine der oppe?

Berre hopp!
Åshild Moldskred
Samlaget 2021
Mobbing
S. 15–24

 

 

Ingeborg og Pernille har blitt uvenner. No er det ingen som kan beskytte Ingeborg når andre seier ho er annleis fordi ho bruker høyreapparat. For at Ingeborg skal bli tøffare, oppfordrar storebroren hennar ho til å gjere ting ho ikkje har tort før. Men korleis skal Ingeborg bli tøffare når ho ikkje har bestevenninna si der?

 

Pest og plage. Verdas verste pandemiar
Anders Totland
Illustrert av Martin Ernstsen
Gyldendal 2021
Fakta
S. 4–14

 


Ein bror i verdsrommet

Rune F. Hjemås
Samlaget 2021
Sjukdom
S.37–47

 

Elias og Mina høyrer mystiske lydar i nabolaget. Har det noko med vaktmeister Edvardsen å gjere, eller har dei fått besøk frå verdsrommet? Dette må dei finne ut av. Samtidig gler Elias seg til at storebroren skal kome heim frå sjukehuset.

 

Katten og kråka
Arild Torvund Olsen
Teikna av Trine Lise Normann
Skissemanus av Are Edvardsen
Überpress 2021
Fantasy
S. 11–24

Ei gruppe menneske er på veg heim etter å ha vore på flukt i årevis. Trollmannen i gruppa har sendt kråka si i forvegen for å sjå om området er trygt. Borga deira har jo trass alt stått tom i nokre år.

 


Kampen

Geir Egil Eiksund
Samlaget 2021
Forelsking
S. 16–24

 

Andreas og Sara skal spele fotball heile sommaren. Ein ny gut har flytta til bygda. Han heiter Viljar og får hjartet til Andreas til å slå fortare enn vanleg. Men kva skal han svare på hjartemeldingane frå Sara?

 


Rundt jorda og tilbake

Inger Johanne Sæterbakk
Aschehoug 2020
Drama
S. 5–13

 

 

Granittgutta. Dronemysteriet
Svein Jarle Åbrekk
Illustrert av Trond Kulterud
Svein Jarle Åbrekk 2020
Spenning
S. 18–24

 

Frank og Kristoffer elskar å game på nettet. Dei bur begge i Granittvegen, den rolegaste og tryggaste gata i heile Kramsvik. Men tryggleiken er truga. Det er nokon som spionerer på innbyggarane.

 

Ti utrulege oppfinningar
Bår Stenvik
Illustrert av Rune Markhus
Samlaget 2020
Fakta
S. 32–41

 


Vente på vind
Oskar Kroon
Omsett av Runa Kvalsund
Samlaget 2021
Venskap
S. 129–140

Venga bur heile sommaren saman med morfar på ei øy. Her køyrer ho båt og blir kjend med Rut. Ein dag må Venge og morfar ta båten til fastlandet, men byggjer det opp til uvêr?